Jimmy Carter
James Earl Carter II (1. oktober 1924–29. desember 2024), oftast omtala som Jimmy Carter, var ein USA-amerikansk politikar for Det demokratiske partiet. Han var president i USA frå 1976 til 1981, som nummer 39 i rekkja over presidentar. Han er den lengstlevande amerikanske presidenten, og den fyrste som har levd i 100 år.[1] Han døydde den 29. desember 2024, 100 år og 89 dagar gammal.[2]
Jimmy Carter | |||
| |||
Fødd | 1. oktober 1924 Lillian G. Carter Nursing Center, Plains | ||
---|---|---|---|
Død | 29. desember 2024 (100 år) | ||
Statsborgar av | USA | ||
Parti | Det demokratiske partiet i USA | ||
Yrke | marineoffiser, diplomat, romanforfattar, politikar, bonde, sjølvbiograf, ubåtmannskap, statsmann, miljøvernar, forretningsdrivande, ingeniør, fredsaktivist, menneskerettsaktivist, skribent, bistandsarbeider, Nobel Prize winner | ||
Institusjonar | Emory University | ||
Utdanna ved | Georgia Southwestern State University Georgia Institute of Technology United States Naval Academy Union College | ||
Mor | Lillian Gordy Carter | ||
Far | James Earl Carter, Sr. | ||
Ektefelle | Rosalynn Carter | ||
Barn | Jack Carter, Amy Carter, James Earl Carter III, Jeff Carter | ||
Medlem | American Academy of Arts and Sciences American Legion Den trilaterale kommisjonen | ||
Verv | President i USA | ||
Føregangar | Gerald Ford | ||
Etterfylgjar | Ronald Reagan | ||
Alle verv |
|
Hans største utanrikspolitiske suksess som president vart forhandlingane knytt til Camp David-avtalen mellom Israel og Egypt i 1978. Siste delen av presidenttida vart prega av ei gisselsak i Iran. Han stilte opp i presidentvalet i 1980, men vart slegen av Ronald Reagan.[3]
Etter avgangen som president engasjerte Carter seg i fredspolitisk arbeid verda over. Mellom anna har han mekla i konfliktområde i Latin-Amerika, Midtausten og Afrika. Jimmy Carter var den fyrste sitjande eller tidlegare amerikanske president som vitja Cuba sidan 1928. Vitjinga var eit forsøk på å betra tilhøvet mellom USA og Cuba.
I 2002 vart Carter tildelt Nobels fredspris for arbeidet sitt med å finna fredelege løysingar på internasjonale konfliktar.
Bokutgjevingar
endre(utval)
- Keeping Faith. Memoirs of a President (1982)
- The Blood of Abraham. Insights into the Middle East (1985)
- White House Diary (2006)
- Palestine: Peace not Apartheid (2006)
- Faith. A Journey for All (2018)
Galleri
endre-
Jimmy Carter i 1946, då han gjekk ut frå U.S. Naval Academy, med kona Rosalynn Carter og mora Lillian Carter.
-
Jimmy Carter i 1977.
-
Carter i 2011.
-
Jimmy Carter med dei andre tidlegare presidentane Bill Clinton, Barack Obama og George W. Bush i 2013.
Kjelder
endre- ↑ «Jimmy Carter, former US president, turns 100», www.bbc.com (på engelsk), henta 29. desember 2024
- ↑ Haram, Ola; Andersen, Elise Rønnevig (29. desember 2024), «Jimmy Carter er død», VG (på norsk), henta 29. desember 2024
- ↑ «Jimmy Carter» i Store norske leksikon, snl.no.
Bakgrunnsstoff
endre- Jimmy Carter hjå Nobelstiftelsen (på engelsk)