Hopp til innhald

Kupp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 28. september 2024 kl. 21:27 av HerVal7752 (diskusjon | bidrag) (Format + SNL-kjelde)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Eit kupp er ei snøgg politisk omvelting der ein avset den gjeldande makthavaren i strid med loven eller retningslinjene.

Kupp skjer ofte svært brått og skuldast vanlegvis at delar av makteliten (militære eller politikarar) gjer opprør: militærkupp, statskupp. Kuppmakarar er ofte ei lita gruppe «ovanfrå», t.d. militære leiarar eller politiske kollegaer, som ikkje nødvendigvis har medhald frå folket, slik opprørarane «nedanfrå» i ein revolusjon har.[1]

Eit mislukka kupp blir kalla eit kuppforsøk.

Eit ofte nytta fransk ord om militærkupp er Coup d’état, og eit mindre brukt tysk ord er Putsch.

Kjende kupp

[endre | endre wikiteksten]
  1. Store norske leksikon (2005-2007): statskupp i Store norske leksikon på snl.no. Henta 28. september 2024.
Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.