Valle Maggia
Utsjånad
Valle Maggia | |||
dal | |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Valle Maggia 46°15′N 8°42′E / 46.25°N 8.7°E | |||
Wikimedia Commons: Valle Maggia |
Valle Maggia (Maggiadalen) er ein fjelldal i Ticino, den italiensktalande kantonen i Sveits som elva Maggia renn gjennom.
Det ligg fleire vakre landsbyar i dalen med tradisjonelle steinhus, vingardar og ppmeieri]]gardar. Hovudnæringa i dalen er turisme, steinbrotdrift og framstilling av mjølkeprodukt.
Vegen frå Locarno gjennom dalen fører til andre dalar: Bosco Gurin, Val Lavizzara, Val di Campo, Val Bavona, Valle di Peccia, Val Sambuco, alle delar av distriktet Vallemaggia.
Høge fossar er vanlege i dalen, sidan mange elvar strøymer ned dalsidene til Maggia.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Valle Maggia» frå Wikipedia på engelsk, den 9. mars 2012.