macOS
Utsjånad
(Omdirigert frå Mac OS X)
MacOS | |||
| |||
| |||
Utviklar(ar) | Apple Inc. | ||
---|---|---|---|
Utgjeve | 24. mars 2001 | ||
Nyaste versjon | 15.1 (28. oktober 2024)[1] | ||
Plattform | x86_64, ARMv8-A | ||
Skrevet i | C++, Objective-C, Swift, C | ||
Bygger på | Darwin, FreeBSD | ||
Skrivebordsmiljø | Aqua, Cocoa | ||
Avleidde system | iOS | ||
Lisens | proprietær lisens, Apple Public Source License | ||
Nettstad | https://apple.com/macos | ||
Føregangar | NeXTSTEP |
macOS (tidlegare OS X og Mac OS X) er eit operativsystem til bruk på Apple sine Macintosh-maskinar. macOS er eit Unix-liknande operativsystem tufta på Darwin og open kjeldekode som FreeBSD og GCC. OS nyttar mikrokjernen Mach, programmeringsgrensesnittet POSIX og vindussystemrt X11.
X'en i OS X vert uttala som ti (10, romertal) i staden for "eks". Den rette måten å uttala namnet på versjon 10.4 blir til dømes "O-ess ti tiger versjon ti-punkt-fire."
Programvare som er inkludert saman med operativsystemet
[endre | endre wikiteksten]- Adressebok - eit program for lagring av kontaktinformasjon
- DVD-spelar - avspelingsprogram for DVD-filmar
- iCal - kalenderprogram
- iChatAV - Apple sin IM-klient med støtte for AIM-nettverket
- iMovie - eit brukarvennleg videoredigeringsprogram
- iPhoto - digitalt biletarkiv med enkle redigeringshøve. m.a. fjerning av "raude auge"
- iSync - synkroniseringsteneste mellom handhaldne apparat (mobiltelefon, iPod, personleg assistent) og Mac, eller Internett og Mac
- iTunes - digitalt musikkarkiv med støtte for online-kjøp av musikk (førebels ikkje støtta i Noreg, men rykta vil ha det til at denne tenesta er i kjømda)
- Mail - e-postprogram med støtte for mellom anna S/MIME og filtrering av uønskt e-post
- Preview - eit program for rask vising av ulike filformat. M.a. PDF, jpeg og tiff
- QuickTime - eit system for vising (og redigering) av ulike video- og biletformat.
- Safari - Apple sin eigen nettlesar, basert på KDE sin nettlesar Konqueror
Versjonar
[endre | endre wikiteksten]- 10.0 Cheetah (13. september, 2000)
- 10.1 Puma (24. mars, 2001)
- 10.2 Jaguar (24. august, 2002)
- Betre støtte for Windowsnettverk
- Quartz Extreme grafikkmotoren.
- Rendezvous nettverksdeling.
- Ein ny og oppdatert Finder
- iChat, eit nytt snakkeprogram til AIMnettverket.
- Generelt betre yting.
- 10.3 Panther (24. oktober, 2003)
- Nok ein oppdatert Finder
- Exposé
- Raskt brukarbytte
- Betra støtte for Windowsnettverk
- Filevault, kryptering på filnivå.
- 10.4 Tiger (29. april, 2005)
- 64-bits operativsystem
- Smarte katalogar
- Spotlight: Ein søkemotor som fullindekserer alle filene på maskinen
- API for å laga filter for å rendra bilete/video (via GPU)
- Oppdatert iChat AV med støtte for tre samtidige videokonferansar
- Dashbord som gjev brukaren tilgang til nyttige program ("Widgets") direkte på skrivebordet
- Oppdatert versjon av Safari med støtte for RSS
- QuickTime versjon 7.0 med støtte for den nye standard-protokollen for video: H.264
- 10.5 Leopard (26. oktober 2007)
- Utviding av støtta for 64-bits program
- 256-bits kryptering av diskfilbilete etc.
- 10.6 Snow Leopard (9. juni 2008)
- 10.7 Lion (20. oktober 2010)
- 10.8 Mountain Lion (16. februar 2012)
- 10.9 Mavericks (22. oktober 2013)
- 10.10 Yosemite (16. oktober 2014)
- 10.11 El Capitan (30. september 2015)
- 10.12 Sierra (20. september 2016)
- 10.13 High Sierra (25. september 2017)
- 10.14 Mojave (24. september 2018)
- 10.15 Catalina (7. oktober 2019)
- 11 Big Sur (19. november 2020)
- 12 Monterey (2021)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Apple Releases macOS Sequoia 15.1 With Apple Intelligence» (på engelsk). 28. oktober 2024.