Hopp til innhald

Øya Saba

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Saba
oversjøisk territorium
Flagg
Symbol
Nasjonalsong: Saba you rise from the ocean
Land  Nederland
Del av Karibisk Nederland, Leewardøyane, Dei små Antillane, Karibia
Hovudstad The Bottom
Areal 13,0 km²
Folketal 2 035 (1. januar 2023)[1]
Språk nederlandsk, engelsk
Retningsnummer +599
Domene .an, .nl
Kart
Øya Saba
17°37′57″N 63°14′15″W / 17.6325°N 63.2375°W / 17.6325; -63.2375
Kart som viser Øya Saba.
Kart som viser Øya Saba.
Kart som viser Øya Saba.
Wikimedia Commons: Saba

Saba er ei nederlandsk vulkansk øy i Karibia.

Øya var tidlegare ein del av eininga dei nederlandske antillane, som vart oppløyst i 2010. Saba er ei lita øy på berre 13 km². Ho er med det den minste eininga som er direkte underlagt Nederland. Det høgaste punktet på øya er vulkanen Mount Scenery, 877 moh. Mount Scenery er det høgaste punktet ikkje berre på Saba, men i heile kongeriket Nederlanda.

Arkeologane har funne restar etter urfolk på Saba, men då britiske skipbrotne redda seg i land på øya i 1623, var ho ubusett. Historisk har Saba vore ei omstridt øy mellom Storbritannia, Frankrike og Nederland, men har tilhøyrt Nederland samanhengjande sidan 1816. Av di Storbritannia gjerne sendte «uynskte» personar til dei karibiske øyane, var Saba ei tid kjend for å husa mange piratar.

Innbyggjarane på Saba i dag har eit svært blanda opphav, med både skotske, nederlandske, irske og afrikanske forfedrar. Dei fleste øybuarane er romersk-katolske. Sabanarane er tospråklege med nederlandsk og engelsk. Øya er vel utbygd med både skular, veg, administrasjonshus, ein liten flyplass og ferje.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Øya Saba