Adolfo Pérez Esquivel
Adolfo Pérez Esquivel | |
![]() | |
Statsborgarskap | Argentina |
Fødd | 26. november 1931 (93 år) Buenos Aires |
Yrke | arkitekt, bilethoggar, kunstmålar, universitetslærar, skribent |
Språk | spansk |
Medlem av | Comisión Provincial por la Memoria |
Ektefelle | Amanda Guerreño |
Adolfo Pérez Esquivel på Commons |

Adolfo Pérez Esquivel (fødd 26. november 1931) er ein argentinsk arkitekturprofessor, menneskerettsforkjempar og vinnar av Nobels fredspris i 1980.
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Adolfo Pérez Esquivel voks opp i Buenos Aires. Faren var fiskar og emigrant frå Spania, og mora døydde medan Adolfo var ung. Trass i dårlege kår fekk Esquivel likevel utdanning innan kunst. Han vart skulptør og professor i arkitektur, og underviste på skular av ulike nivå i 25 år. På 1960-talet jobba han med kristne pasifistgrupper i Latin-Amerika, og under ein konferanse i Montevideo i 1968, bestemte han seg for å skipa ein ikkje-valdeleg latinamerikansk organisasjon. Organisasjonen blei til, og i 1974 forlét Esquivel læraryrket for å bli generalsekretær i den nye, kristelege organisasjonen som seinare fekk namnet Servicio Paz y Justicia.
Etter statskuppet i Argentina i 1976 då Jorge Videla kom til makta, følgde mykje undertrykking frå militærregimet. Esquivel starta difor ein verdsomspennande kampanje der han ytra ynskje til SN om å skipa ein menneskerettskommisjon. I tilknyting til dette vart det laga eit dokument som lista opp menneskerettsbrot i Latin-Amerika. Han vart fleire gonger plaga av politiet i fleire søramerikanske land. Våren 1977 vart Esquivel fengsla i Buenos Aires utan at det vart oppgjeve nokon grunn. Han vart halden i 14 månader og torturert før han vart frigjeven i mai 1978, med ordre om å jamleg melda seg for politiet. Med tida vart desse vilkåra mildare.
Medan han sat fengsla, fekk Esquivel fredsminnesprisen åt Pave Johannes XXIII. I 1980 vart Esquivel tildelt Nobels fredspris, og fekk løyve til å reisa til Oslo for å ta imot prisen. Esquivel fekk prisen for arbeidet hans for skipinga av menneskerettsorganisasjonen og motstanden hans mot militærjuntaen i Argentina.
Esquivel har i seinare år vore kjend for å vera valdsmotstandar, miljøvernar, for å støtta søramerikanske urfolk og kjempa for rettferdig handel. Han har også vunne den katolske Pacem in Terris-prisen. Servicio Paz y Justicia er i dag ein veletablert organisasjon med arbeid i mange land i Latin-Amerika. I 1995 gav han ut den sjølvbiografiske boka Walking Together with the People, og i 2003 vart han leiar for International League for Human Rights and Liberation of Peoples i Milano. I 2010 var han engasjert i ein kampanje mot at politiet i Esquel trenar opp born til valdsbruk, noko han samanlikna med Hitlerjugend.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen byggjer på «Adolfo Pérez Esquivel» frå Wikipedia på engelsk, den 4. januar 2012.
- Biografi om Esquivel frå Nobelprisen sine offisielle nettsider.
- «Adolfo_Pérez_Esquivel» i Store norske leksikon, snl.no., henta inn 4. januar 2012.