Albert I av Monaco
Albert Honoré Charles Grimaldi | |||
| |||
Fyrste av Monaco | |||
Regjeringstid | 10. september 1889–26. juni 1922 | ||
---|---|---|---|
Fødd | 13. november 1848 | ||
Fødestad | tidlegare 10. arrondissement i Paris | ||
Død | 26. juni 1922 | ||
Dødsstad | Paris | ||
Gravstad | St. Nicholas-katedralen | ||
Føregangar | Karl III av Monaco | ||
Etterfølgjar | Ludvig II av Monaco | ||
Gift med | 1. Mary Victoria Hamilton 2. Alice Heine | ||
Dynasti | Huset Grimaldi | ||
Far | Karl III av Monaco | ||
Mor | Antoinette de Mérode-Westerloo | ||
Born | Ludvig II av Monaco |
Albert I av Monaco (13. november 1848–26. juni 1922) var fyrste av Monaco frå 10. september 1889 til han døydde. Han var son av fyrste Karl III av Monaco. Albert I var gift to gonger. Den første kona hans var Mary Douglas-Hamilton, dotterdotter til storhertug Karl av Baden, som var bror med dronning Fredrika av Sverige. Den andre kona hans var Antoinette de Mérode-Westerloo.
Albert utdanna seg til havforskar og deltok i fleire forskingsekspedisjonar på 1870-talet. Albert finansierte og organiserte fire oseanografiske ekspedisjonar til farvatna rundt Svalbard, mellom anna i lag med Gunnar Isachsen til det nordvestlege Spitsbergen 1906–07, som Albert 1 finansierte. Han oppretta det oseanografiske institutt i Paris og eit oseanografisk og eit prehistorisk museum i Monaco.
Albert I hadde berre eitt barn, Ludvig II av Monaco.
Den 30. mars 1875 vart han tildelt St. Olavs Orden.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Albert I av Monaco» frå Wikipedia på bokmål, den 5. september 2011.