Alborz-provinsen
Utsjånad
Alborz | |||
البرز | |||
provins | |||
Land | Iran | ||
---|---|---|---|
Region | Region 1 | ||
Fylke | 6 | ||
Hovudstad | Karaj | ||
Areal | 5 833 km² | ||
Folketal | 2 712 400 (2016)[1] | ||
Tidssone | IRST (UTC+03:30) | ||
- Sommartid | IRDT (UTC+04:30) | ||
Retningsnummer | 026 | ||
Alborz-provinsen 36°00′40″N 50°48′34″E / 36.011111111111°N 50.809444444444°E | |||
Kart over kommunane i provinsen.
| |||
Wikimedia Commons: Alborz Province |
Alborz-provinsen (farsi استان البرز, Ostan-e Alborz) er ein av 31 provinsar i Iran, kring byen Karaj.[3]
Alborz-provinsen vart skipa då Teheran-provinsen vart delt i to provinsar, etter ei godkjenning i det iranske parlamentet 23. juni 2010, og vart introdusert som den 31. provinsen i Iran.[3] I 2014 vart han plassert i Region 1.[4]
Provinsen ligg nordvest for Teheran og er delt inn i fire fylke, Karaj, Savojbolagh, Taleghan og Nazarabad.[5] Karaj er hovudstaden i provinsen. Alborz-provinsen [3] ligg 35 km vest for Teheran, ved foten av Alborzfjella, og ut frå flatevidd er dette den minste provinsen i Iran.
I følgje ei den nasjonale folketeljinga var det i 2011 2 412 513 innbyggjarar i provinsen, der 90,5 % bur i urbane strok.[6]
Kommunar
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Alborz Province» frå Wikipedia på engelsk, den 6. mars 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «جمعیت به تفکیک تقسیمات کشوری» (på persisk). Henta 29. oktober 2023.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 «جمعيت کشور برحسب جنس در نقاط شهری و روستایی به تفکیک استان (۱۳۹۰)» (på persisk). Henta 29. oktober 2023.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 Majlis extends term of councils, votes for new province, Teheran Times, Henta 24. juni 2010.
- ↑ «همشهری آنلاین-استانهای کشور به ۵ منطقه تقسیم شدند (Provinces were divided into 5 regions)». Hamshahri Online (på persisk). 22. juni 2014 (1 Tir 1393, Jalaali). Arkivert frå originalen den 23. juni 2014.
- ↑ MPs vote for new province of Alborz, Khabaronline, Henta 24. juni 2010. (persisk)
- ↑ Selected Findings of National Population and Housing Census 2011 Arkivert 2013-05-31 ved Wayback Machine.