Alexander Sørloth
Alexander Sørloth (fødd 5. desember 1995 er ein norsk fotballspelar frå Trondheim som sidan september 2020 har kontrakt med RB Leipzig. I tida 2016-20 har han spelt 29 landskampar for Noreg. Sørloth er midtspiss og har sin styre som hovudspelar. Han er son til Gøran Sørloth.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Sørloth har vore innom ei rad fotballklubbar sidan debuten i Rosenborg BK i 2013. Sesongen 2015 spelte han på Bodø/Glimt, deretter halvtanna år for FC Groningen i Nederland og seks månader på danske FC Midtjylland. År 2018 lukkast han ikkje som Crystal Palace-spelar i England, så vårsesongen 2019 spelte han for belgiske Gent. 2019/20-sesongen hadde han stor suksess med tyrkiske Trabzonspor, ein klubb som vann den tyrkiske cupfinalen 2020, medan Sørloth vart toppskårar i serien med 24 fulltreffarar. I september 2020 skreiv han kontrakt med tyske RB Leipzig, mot 20 millionar euro til Crystal Palace.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Sørloth debuterte på landslaget i 2016. Fyrst hausten 2019 byrja han markere seg i landskampane. Etter å ha skåra 2 mål i åra 2016-18, fann han vegen til nettmauskane 7 gongar i tida oktober 2019. oktober 2020.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Alexander Sørloth» frå Wikipedia på engelsk, den 24. oktober 2020.