Hopp til innhald

Amancio Amaro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Amancio Amaro


Statsborgarskap Spania
Fødd 16. oktober 1939
La Coruña
Død 21. februar 2023 (83 år)
Madrid
Idrett fotball
Tok del i VM i fotball 1966, EM i fotball 1964
Utmerkingar Castelao-medaljen, Ordenen for sportsfortjenesters gullmedalje

Amancio Amaro Varela (16. oktober 193921. februar 2023) til dagleg einast Amancio, var ein spansk fotballspelar frå La Coruña i Galicia som vart europameister med Spania i 1964 og vann europacupen i fotball med Real Madrid i 1966.

Amancio i 1973

Amancio spelte på Deportivo La Coruña i heimbyen frå 1958 til 1962. Sommaren 1962 vart han overført til Real Madrid mot 10 millionar pesetas. Med Real vann han ni seriemeistertitlar og tre cup-pokalar.

Amancio debuterte på det spanske landslaget i 1962 og spelte sin 42. og siste landskamp i 1974. Under EM i fotball 1964 var han ein av dei beste spelarane på trofevinnarane Spania. Han skåra i alt 11 frå sin posisjon som høgreveng.

Han la opp i 1976.

  • Europameister: 1964 med Spania
  • Europacupvinnar: 1966 på Real Madrid
  • Spansk seriemeister: 1963-1969, 1972 og 1975-1976 på Real Madrid (9)
  • Spansk cupmeister: 1970, 1974 og 1975 på Real Madrid (3)