Hopp til innhald

Arbeidarråd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Arbeidarråd er i utgangspunktet allmøte på ei bedrift eller ein institusjon der ting blir avgjorde på demokratisk vis ved fri diskusjon og fleirtalsavgjerd. Likeins i militærleirar med soldatråd og i landsbyar eller grender med bonderåd. I utgangspunktet er såleis arbeidarråd med vidare tenkte som organ for direkte demokrati. Men sidan ting kanhende må avgjerast mellom allmøta, må det veljast delegerte til organ som kan møtast oftare, såleis eit meir indirekte demokrati. For å halde på mest mogleg direkte demokrati skal det derfor i eit arbeidarrådssystem vere tilbakekallingsrett, slik at dei delegerte kva tid som helst skal kunne trekkjast tilbake som representantar for basis-råda. Hovudskilnadene mellom eit arbeidarrådssystem og eit parlamentarisk system blir da at i eit arbeidarrådssystem er grunneininga knytt til produksjonslivet i staden for eit geografisk område, og at dei delegerte kan tilbakekallast til ei kvar tid av grunneininga som valde dei.

Dei første kjende arbeidarråda i denne forstand oppstod under det russiske revolusjonsforsøket i 1905, og fekk namnet sovjet, som betyr "råd" på russisk. Det mest namngjetne arbeidarrådet var sovjetet i St. Petersburg, med delegerte frå alle større arbeidsplassar i byen, og med Lev Trotskij som leiar. Etter tsaren var styrta i mars 1917, gjenoppstod sovjeta i fleire russiske byar, og bolsjevikane som under leiing av Vladimir Lenin tok makta 7. november 1917, gjorde det blant anna for å gi "all makt til sovjeta", sa dei. I røynda mista dei russiske sovjeta raskt makta si, særleg etter at både andre politiske parti og opposisjonelle fraksjonar i kommunistpartiet (bolsjevikpartiet) var blitt forbodne i 1920. Dette innskrenka den reelle ytringsfridomen, og utan full ytringsfridom døydde livet i sovjeta gradvis ut (slik Rosa Luxemburg spådde alt våren 1918) og dei blei reduserte til sandpåstrøingsorgan for det som alt var avgjort i dei leiande organa til det eine lovlege partiet.

Også i andre revolusjonære situasjonar har det oppstått arbeidarråd, såleis til dømes under den tyske novemberrevolusjonen i 1918 og i delar av det republikanske Spania under den spanske revolusjonen og den spanske borgarkrigen 1936-1939. I Noreg fanst det også arbeidarråd i åra 1917-1919, men desse var meir meint å vere "dyrtidskomitear" for å protestere mot dei sosiale tilhøva, enn nye maktorgan.