Hopp til innhald

Copyleft

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Copyleft-symbol

Copyleft er ein rettsleg konstruksjon nytta i visse lisensar for opphavsrettsleg verna materiale. Eit liknande omgrep er share alike. Konseptet er mest kjend frå fri programvare-lisensar. Med slike lisensar får lisenstakaren til eit dataprogram tilgang til kjeldekoden til programmet, i tillegg til løyve til å bruka, omarbeida og gjera denne tilgjengeleg for andre. Løyvet vert likevel berre gitt under føresetnad av at seinare mottakar av programmet får tilsvarande rettar og tilsvarande faktiske høve til å utnytta desse. Det er det siste som er copyleft-delen av lisensen. Den mest kjende og mest nytta copyleft-lisensen er GNU GPL, som er forfatta av Free Software Foundation. GPL punkt 2 (1), bokstav b) skildrar den forpliktinga som følgjer av copyleft på følgjande måte:

«You must cause any work that you distribute or publish, that in whole or in part contains or is derived from the Program or any part thereof, to be licensed as a whole at no charge to all third parties under the term sin of this License.»

Denne gjensidigheitsverknaden gjer det treffande å kalla copyleft-klausulane som gjensidigheitsvilkår. Dette kravet inneber at lisenstaker er forplikta til å:

  1. Namngi dei som skreiv programmet.
  2. Vidareformidla at programmet er lisensiert under ein lisens for fri programvare.
  3. Gi seinare mottakarar lisens til modifikasjonar på tilsvarande lisensvilkår, utan å krevja vederlag for dette.
  4. Gi seinare mottakarar av programmet tilgjenge til kjeldekoden, utan å krevja vederlag for dette.
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.