Den internasjonale kvalfangstkommisjonen
Den internasjonale kvalfangstkommisjonen | |||
| |||
Skipa | 2. desember 1946 | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | Histon and Impington | ||
Nettstad | https://iwc.int/en/ |
Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC, eng. International Whaling Commission) blei skipa som ei følgje av Den internasjonale konvensjonen om regulering av kvalfangst (ICRW)[1] den 2. desember 1946 for å sikra bestanden av kval. Strukturen til IWC baserte seg på at statane basert på langsiktige eigeninteresser ville bli samde om felles prinsipp om forvaltninga av ein felles ressurs, basert på vitskaplege data.[2] Frå 1980-åra har IWC vore det fremste forumet for vern av alle kvalartar.[3] Endringa i mandatet til IWC byrja tidleg på 1970-talet, og er ofte sett i samanheng med SN-konferansen om miljøet til menneske som blei halden i Stockholm i 1972. Resultatet av denne endringa er mest synleg i vedtaket til IWC frå 1986 om eit fem-årig forbod (moratorium) mot kommersiell kvalfangst, som sidan har blitt fortløpande forlenga, og det seinare vedtaket om eit kvalreservat i Antarktis.
Den vernande rolla IWC har teke på seg er blitt sett under press sidan siste halvdel av 1980-åra, då ulike populasjonar av vågekval er blitt hevda å vera store nok til at ein kan tillata avgrensa fangst. Dei skarpe skilja mellom dei som ønskjer å ta opp igjen noko kvalfangst og dei som til no har lykkast med å nekta noka som helst gjenopptaking av fangsten har ført til at pro-kvalfangst-nasjonane har sett spørsmålsteikn ved legitimiteten til IWC sine avgjerder. North Atlantic Marine Mammal Commission er ein motpol til IWC og har hovudkontor i Tromsø. Denne organisasjonen, som blei danna i 1992 og omfattar Grønland, Færøyane, Island og Noreg, jobbar for eit visst uttak av kval i berekraftige bestandar.
Oppbygging og medlemskap
[endre | endre wikiteksten]IWC blei oppretta under ei frivillig semje blant medlemsnasjonane for å fungera som ei styrande eining for å operera under Den internasjonale konvensjonen om regulering av kvalfangst og for å implementera dei økonomiske og miljømessige måla i konvensjonen. Rolla til kommisjonen er å jamleg gå gjennom og revidera handlingsplanen etter konvensjonen, å kontrollera kvalfangst ved å verna enkelte artar (under dette peika ut område som kvalreservat, setja kvotar for fangst, fastsetja tidsperiodar for fangst, fastsetja kva område som er opne for fangst og fastsetja kva metodar som er tillatne for fangst.[4] I det konstituerande dokumentet sitt har IWC også fått i oppgåve å fastsetja reguleringar for «å sørgja for bevaring, utvikling og optimal utnytting av kvalressursane» med den føresetnaden at slike reguleringar «er baserte på vitskaplege funn».[5]
Hovudkvarteret til organisasjonen ligg i Cambridge i England. Kommisjonen har tre hovudkomitear: Vitskapskomiteen, Teknisk komité og Økonomi/administrasjonskomiteen.
Deltaking i IWC er ikkje avgrensa til statar som er eller har vore involverte i kommersiell kvalfangst. Dei 66 medlemmene var per 2005: Antigua og Barbuda, Argentina, Australia, Austerrike, Belgia, Belize, Benin, Brasil, Kamerun, Chile, Folkerepublikken Kina, Costa Rica, Elfenbeinskysten, Tsjekkia, Danmark, Dominica, Finland, Frankrike, Gabon, Gambia, Tyskland, Grenada, Guinea, Ungarn, Island, India, Irland, Italia, Japan, Kenya, Sør-Korea, Kiribati, Luxembourg, Mali, Mauritania, Mexico, Monaco, Mongolia, Marokko, Nauru, Nederland, New Zealand, Nicaragua, Noreg, Oman, Palau, Panama, Peru, Portugal, Russland, Saint Kitts og Nevis, Saint Lucia, Saint Vincent og Grenadinane, San Marino, Senegal, Slovakia, Salomonøyane, Sør-Afrika, Spania, Sverige, Sveits, Togo, Tuvalu, Storbritannia og USA.
Den 30. juni 2019 trekte Japan seg ut etter meir enn 60 års medlemskap.[6]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ International Convention for the Regulation of Whaling, with Schedule of Whaling Regulations, 2 December 1946, 62 Stat. 1716, 161 UNTS 72.
- ↑ Se Protocol to the International Convention for the Regulation of Whaling, 19 November 1956, 10 UST 952, 338 UNTS 366; Circular Communication to All Contracting Governments, 30 June 1972, 23 UST 2820.
- ↑ Patricia Birnie, International Regulation of Whaling: From Conservation of Whaling to Conservation of Whales and Regulation of Whale-watching (New York: Oceana Publications, 1985)
- ↑ Artikkel I(1) i ICRW erklærer handlingsplanen som en integrert del av konvensjonen.
- ↑ ICRW, note 1, Art. V(2).
- ↑ «Japan withdraws from IWC to resume commercial whale hunting». Mainichi Daily News (på engelsk). 30. juni 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Den internasjonale hvalfangstkommisjonen» frå Wikipedia på bokmål, den 24. mars 2024.