Det andorranske flagget
Utsjånad
Det andorranske flagget vart ført inn i 1866. Det erstatta eit tidlegare tofarga flagg i raudt og gult. Det noverande flagget vert av somme attribuert til Napoleon III av Frankrike.
Flagget er sett saman av ein vertikalt delt trikolor med blått felt mot stonga, gult i midten og raudt ytst, med det andorranske riksvåpenet i sentrum.
Det skal vere tilfeldig at det andorranske flagget er meir eller mindre identisk med flagga til Moldova, Romania og Tsjad.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Andorras flagg» frå Wikipedia på bokmål, den 25. mai 2011.