Europakommisjonen
Europakommisjonen | |||
| |||
Skipa | 1. januar 1958 | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | Brussel | ||
Leiar | Ursula von der Leyen | ||
Tilsette | 32 399 (2019) | ||
Nettstad | https://commission.europa.eu/ |
Europakommisjonen er EU sitt fremste utøvande organ, og er den einaste institusjonen i EU som kan føre eit lovforslag i pennen. I tillegg har han også enkelte lovgivande funksjonar, som å kontrollere at medlemslanda rettar seg etter dei ulike EU-traktatane.
Kommisjonen består av 27 kommissærar, ein frå kvart medlemsland i EU. Presidenten for organet er portugisiske José Manuel Durão Barroso.
Medlemmer
[endre | endre wikiteksten]Kvar av kommissærane har ansvar for eit bestemt politisk område. Presidenten blir vald av Det europeiske råd, og blir godkjent av Europaparlamentet. Dei resterande kommissærane blir valde av regjeringane i kvar enkelt medlemsstat i samsvar med presidenten. Kommissærane skal representere heile unionen, og har slik sett ikkje lov å motta instruksjonar frå sitt eige land sine myndigheiter.
Noverande medlemmer
[endre | endre wikiteksten]Dei 27 kommissærane er:
- José Manuel Durão Barroso (Portugal), president
- Margot Wallström (Sverige), første visepresident og kommissær for institusjonelle relasjonar og kommunikasjon
- Günter Verheugen (Tyskland), visepresident og kommissær for næringsverksemd og industri
- Antonio Tajani (Italia), visepresident og kommissær for samferdsel
- Siim Kallas (Estland), visepresident og kommissær for administrative saker, revisjon og bedrageribekjemping
- Jacques Barrot (Frankrike), visepresident og kommissær for justis, fridom og tryggleik
- Viviane Reding (Luxembourg), kommissær for informasjonssamfunnet og media
- Stavros Dimas (Hellas), kommissær for miljø
- Joaquín Almunia (Spania), kommissær for finans- og pengemarknadspolitikk
- Danuta Hübner (Polen), kommissær for regionale spørsmål
- Joe Borg (Malta), kommissær for fiskeri og maritime spørsmål
- Dalia Grybauskaité (Litauen), kommissær for finans og budsjett
- Janez Potočnik (Slovenia), kommissær for vitskap og forsking
- Jan Figel (Slovakia), kommissær for utdanning, kultur og ungdom
- Androulla Vassiliou (Kypros), kommissær for helse
- Olli Rehn (Finland), kommissær for utviding
- Louis Michel (Belgia), utvikling og humanitær bistand
- László Kovács (Ungarn), kommissær for skatt og toll
- Neelie Kroes (Nederland), kommissær for konkurranse
- Mariann Fischer Boel (Danmark), kommissær for landbruk og distriktsutvikling
- Benita Ferrero-Waldner (Austerrike), kommissær for utanrikssaker og naboskapspolitikk
- Charlie McCreevy (Irland), kommissær for det indre marked og tenester
- Vladimír Špidla (Tsjekkia), kommissær for sysselsetting, sosiale saker og likestilling
- Peter Mandelson (Storbritannia), kommissær for handel
- Andris Piebalgs (Latvia), kommissær for energi
- Meglena Kuneva (Bulgaria), kommissær for forbrukarvern
- Leonard Orban (Romania), kommissær for språkleg mangfald
Presidentar i Europakommisjonen
[endre | endre wikiteksten]President | Innsett | Forlét stillinga | |
---|---|---|---|
1 | Walter Hallstein | 1958 | 1967 |
2 | Jean Ray | 1967 | 1970 |
3 | Franco Maria Malfatti | 1970 | 1972 |
4 | Sicco Mansholt | 1972 | 1973 |
5 | François-Xavier Ortoli | 1973 | 1977 |
6 | Roy Jenkins | 1977 | 1980 |
7 | Gaston Thorn | 1981 | 1984 |
8 | Jacques Delors | 1985 | 1995 |
9 | Jacques Santer | 1995 | 1999 |
10 | Romano Prodi | 1999 | 2004 |
11 | José Manuel Barroso | 2004 | 2014 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. (2023) |