Hopp til innhald

Fangeleiren ved Guantánamobukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fangeleiren ved Guantánamobukta

Kart
Fangeleiren ved Guantánamobukta
19°54′03″N 75°05′59″W / 19.900812°N 75.099835°W / 19.900812; -75.099835
Fanger som er komne til Camp X-Ray januar 2002.

Fangeleiren ved Guantánamobukta[a] er ein militær fangeleir, under jurisdiksjonen til USA, på marinebasen i GuantánamobuktaCuba. Fangeleiren vart oppretta i 2002, under den såkalla krigen mot terror, som USA sette i gang etter terroråtaka mot landet i 2001. Rettsstatusen til fangane og behandlinga av dei har ført til internasjonal kritikk.[1]

I august 2024 hadde minst 780 menneske frå 48 ulike land vore fengsla i leiren sidan opprettinga. Av desse var 740 vorte flytta annanstad, 9 hadde døydd i fangenskap, og 30 var att. Berre 16 av fangane er blitt tiltalte for kriminelle handlingar av USA.[2]

USA har hatt ein ein marinebase ved Guantánamobukta sidan 1902. I 1994 vart han nytta som transittleir for rundt 50 000 båtflyktningar frå Cuba og Haiti. Fangeleiren vart oppretta i januar 2002 av president George W. Bush for å husa mistenkte for terrorisme og «ulovleg stridande».[1] Gjennom militærordren «Detention, Treatment and Trial of Certain Non-Citizens, in the War Against Terrorism» frå november 2001 gav Bush amerikanske styresmakter løyve til å halda utlendingar i fangenskap utan tiltale, utan tidsavgrensing og utan moglegheit til å ta opp fangenskapet gjennom nokon juridisk prosess.[3] Dei fyrste 20 fangane kom til Camp X-Ray ved Guantánamobukta 11. januar, og vart haldne i bur utandørs.[3] USA nekta dei status som krigsfangar.[3]

I april 2002 vart den permanente fangeleiren Camp Delta bygd, med plass til over 400 fangar.[3] Talet på fangar var høgast i 2003, med 680 fangar frå rundt 40 land. Dei amerikanske styresmaktene godkjente bruk av ei rekkje avhøyrsmetodar dei kalla enhanced interrogation techniques, som kunne gå over til tortur.[3] I august 2005 byrja fleire fangar ein sveltestreik, og vart utsette for tvangsfôring.[4]

Barack Obama kom til makta i 2009, ville han stenga basen i det fyrste året sitt som president. Basen vart ikkje stengd, men talet på fangar vart redusert til 40 i løpet av regjeringstida hans. Vanskar med å senda fangane til heimlanda sine eller å overføra dei til fengsel i USA gjorde at basen fortsette å vera i bruk.[1]

USA har klassifisert alle fangane i fangeleiren som ulovlege fiendtlege stridande (illegal enemy combatants.) Denne klassifiseringa gjev dei ikkje status som krigsfangar. Sidan dei ikkje sit fanga på amerikansk territorium, har USA heller ikkje villa gje dei andre rettar som dei har krav på etter Genèvekonvensjonen. Bush-administrasjonen oppretta militære Combatant Status Review Tribunals som har gjennomgått statusen til fangane.

Sidan januar 2002 er 779 menn eller gutar blitt tekne til Guantanamo.[5][6] Trass i at fangane er nekta status som krigsfangar, har sakene vorte handsama av militære domstolar.

5. januar 2017 var det att 55 fangar i leiren.[7] 19.januar 2017, ved enden til Barack Obama sin presidentperiode, var det att 41 fangar.[8]

Einskilde fangar

[endre | endre wikiteksten]
Framleis i leiren
  • Ali al-Bahlul, dømt til fengsel på livstid for 35 tiltalepunkt knytte til terrorisme.[9]
  • Khalid Sheikh Mohammed, rekna som hovudarkitekten bak terroråtaka 11. september 2001. Inngjekk ei tilståingsavtale mot ein dom på livsvarig fengsel i juli 2024,[10] men avtala vart oppheva av den amerikanske forsvarsministeren kort tid seinare.[11]
  • Abd al-Rahim al-Nashiri, påstått hjerne bak fleire terroriståtak, er tiltalt fleire gonger og tiltalen er vorte fråfallen.[12][13][14] Ein amerikansk dommar slo fast at tilståingar av al-Nashiri ikkje kunne brukast fordi han var vorten utsett for tortur.[15]
Ikkje ved leiren meir
  • David Hicks vart dømd etter ei lov frå 2006, for ei handling frå 2001. Dommen vart oppheva av United States Court of Appeals i 2012 ettersom loven ikkje kunne ha tilbakeverkande kraft.[16]
  • Salim Hamdan, sjåføren til Osama bin Laden. Dømt til fem år i fengsel i 2008,[17] frikjend i 2012.[18]
  1. Engelsk Guantanamo Bay detention camp, spansk Centro de detención de la bahía de Guantánamo, også kjend som GTMO, GITMO eller berre Guantanamo Bay
  1. 1,0 1,1 1,2 «Guantánamo Bay» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. Times, The New York (18. mai 2021). «The Guantánamo Docket». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331. Henta 3. juli 2024. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 «Timeline: 20 years of Guantanamo Bay prison», Al Jazeera (på engelsk), henta 7. desember 2024 
  4. «Judge rules on Guantanamo strike» (på engelsk). 27. oktober 2005. 
  5. Doctorow, Cory (14 December 2011). «Memoir of a Child Kidnapped to Guantanamo Bay, Tortured for Six Years, and Released». BoingBoing. Arkivert frå originalen 22. mai 2013. Henta 12 May 2012. 
  6. «About – The Guantánamo Docket». The New York Times. 18 May 2021. Arkivert frå originalen 17. februar 2017. Henta 8. februar 2012. 
  7. Savage, Charlie (15 August 2016). «15 Guantánamo Detainees Are Sent to Emirates in Largest Obama-Era Transfer». The New York Times. 
  8. Rosenberg, Carol (19. januar 2017). «Obama to leave with 41 captives still at Guantánamo, blames politics». Miami Herald. Henta 26. januar 2017. 
  9. Percival, Jenny (4. november 2008). «Guantánamo jury jails Bin Laden media chief for life». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. 
  10. «Man accused of plotting September 11 attacks reaches plea deal alongside two accomplices». ABC News (på engelsk). 31. juli 2024. 
  11. «Plea deal with accused 9/11 plotters revoked - US government», BBC News (på engelsk), 3. august 2024, henta 3. august 2024 
  12. «U.S. drops Guantanamo charges per Obama order». Reuters. 6. februar 2009. Arkivert frå originalen 9. februar 2009. Henta 6. februar 2009. 
  13. «Executive Order -- Review and Disposition of Individuals Detained at the Guantánamo Bay Naval Base and Closure of Detention Facilities». whitehouse.gov. 22. januar 2009. Henta 6. februar 2009 – via National Archives. 
  14. «Guantanamo court can't free bomb suspect, U.S. says». Reuters. 2. november 2011. Arkivert frå originalen 30. mai 2015. Henta 2. desember 2013. 
  15. «Confessions of Guantanamo Detainee in Death Penalty Case Excluded as Product of Torture», Death Penalty Information Center (på engelsk), henta 13. desember 2024 
  16. «Hicks to appeal, then sue over conviction». The Age. 17. oktober 2012. Henta 6. august 2017. 
  17. «Bin Laden driver could be held by U.S. after sentence». CNN.com. 7. august 2008. Henta 7. august 2008. 
  18. Cushman, Jr., John H. (16. oktober 2012). «Appeals Court Overturns Terrorism Conviction of Bin Laden's Driver». The New York Times. Henta 1. januar 2013. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Fangeleiren ved Guantánamobukta