Ferdinand Hodler
Ferdinand Hodler | |
Statsborgarskap | Sveits |
Fødd | 14. mars 1853 Bern |
Død |
19. mai 1918 (65 år) |
Yrke | kunstmålar, universitetslærar, designar, litograf, grafikar |
Medlem av | Berlin-secesjonen |
Born | Hector Hodler |
Ferdinand Hodler på Commons |
Ferdinand Hodler (14. mars 1853–19. mai 1918), var ein sveitsisk kunstmålar innanfor retningane symbolisme og Art Nouveau. Han er i dag den mest kjende sveitsiske målaren frå det 19. hundreåret.
Liv og gjerning
[endre | endre wikiteksten]Hodler var frå Bern, der han voks opp i fattigdom. Faren døydde tidleg av tuberkulose. Mor hans gifta seg opp att, men døydde då Ferdinand var 12 år gammal. År 1868 reiste han til Thun, der han byrja i lære for å verte portrettmålar. 18 år gammal, etter å ha vore lærling hos landskapsmålaren Ferdinand Sommer, reitse han i slutten av 1871 til Geneve. Der levde han av å måle butikkskilt, medan han kopierte bilete i Rathmuseet. Der oppdaga han Barthélemy Menn og vart elev hos han. I dei følgjande åra studerte Hodler gamle meistrar og gjorde seg kjend med store, samtidige kunstnarar, til dømes Camille Corot og Gustave Courbet. 1878/79 var han ein tur til Spania, der han kjøpte verk av Velázquez. År 1881 arbeidde han og andre studentar på Menn-Bourbaki-panoramaet av historiemåleren Édouard Castres.
I 1879 vann Hodler ei tevling om å utsmykke våpenhallen til det sveitsiske nasjonalmuseet i Zürich. Temaet var sveitsarane sitt tilbaketog frå slaget ved Marignan i 1515. Hodler sitt utkast førte til den største kunsttvisten til dess i Sveits, då direktøren for nasjonalmuséet, Heinrich Angst, boikotta utkastet. Det enda med at ein delegasjon frå storrådet i Bern reiste til Zürich og fekk stoppa vidare arbeid med Hodler sitt utkast.
Midt på 1880-talet byrja Hodler å fjerne seg frå kunsten han tidlegare hadde laga. Frå 1885 utvikla han ein stil han kalla for parallellisme. I desember 1885 heldt han si første separatutstilling i Genève Cercle des Beaux-Arts. Den neste separutstillinga heldt han 1887 på Bern Kunstmuseum i fødebyen.
Måleriet Die Nacht (Natta) frå 1889 var Hodlers stor gjennombrot. Biletet, som vart utstilt ved Musée Rath i Geneve, og som behandla tema som søvn, død og seksualitet, vart stoppa i siste liten før utstillinga opna. Måleriet vart fordømt som umoralsk. I staden vart det organisert ei privat utstilling, og som vart ein stor suksess. Nye utstillingar, med medlajar, fann stad i Paris, München og Venezia.
I 1892 presenterte Hodler måleriet Die enttäuschten Seelen (Dei vonbrotne sjelene) for Rosenkorsordenen og slutta seg til brorskapet. Fram til 1900 heldt Hodler om lag 200 utstillingar. På verdsutstillinga i Paris i 1900 fekk Hodler gullmedalje for alle tre verka han stilte ut. Han var då ein av dei leiande målarane i Europa, og fekk kraftig forbetra sin til dess noko prekære økonomiske situasjon.
Hodlers seine, lett ekspresjonistiske, og enkle landskapsmåleri har gjort han til ein av dei fremste målarane av det alpine landskapet. I Tyskland vart han frå 1914 utelaten frå nesten alle kunstnarforeiningar, etter han underteikna eit protestbrev mot at tysk artilleri hadde bomba katedralen i Reims. I heimlandet vart han berre meir omtykt. Så tidleg som i 1911 vart banksetlar påtrykt to av biletmotiva hans, og år 1913 vart han æresdoktor ved universitetet i Basel. Frå 1916 var han professor ved 'École des Beaux-Arts' i Genève. Året etter organiserte Kunsthaus Zürich den første, store retrospektive utstillinga av livsverket hans.
Hodler døydde i 1918 i Genève, ein by han året før vart gjort æresborgar av.
Måleriet Genfer See von Chexbres aus (Genfersjøen frå Saint-Prex) (1911) vart i 2007 omsett for 10,9 millionar sveitserfranc, den høgste auksjonsprisen for eit måleri av ein sveitsisk målar.
Utvalde verk
[endre | endre wikiteksten]- 1878: Am Ufer des Manzanares, 44 x 65 cm. Geneve, Musée d’art et d’histoire
- 1886: Das mutige Weib, 99 cm x 171,5 cm. Basel, Kunstmuseum Basel
- 1890: Mädchen im Hemd, am Fenster. Neuss, Clemens-Sels-Museum
- 1892: Die Lebensmüden, 149,7 x 294 cm. München, Neue Pinakothek
- 1895: Abend am Genfersee von Chexbres aus, 100 x 130 cm. Zürich, Kunsthaus Zürich
- 1897: Der Traum. Privatsamling
- ca. 1906: Landschaft am Genfer See, 59,8 x 84,5 cm. München, Neue Pinakothek
- 1907: Der Silvaplanersee im Herbst, 71 x 92,5 cm. Zürich, Kunsthaus
- 1909: Femme joyeuse, 127 × 74 cm. Privateigd
- Bildnis Madame de R.
- ca. 1911: Genefer See von Chexbres aus, 71 x 90 cm.
- 1911: Genfer See mit Jura. St. Gallen, Kunsthalle
- 1911: Das Breithorn, 70 x 77 cm. St. Gallen, Kunstmuseum
- ca. 1913: Thunersee mit Stockhornkette. Privateigd
- 1913: Einigkeit (Schwur). Hannover, Neues Rathaus
- 1917: Landschaft bei Caux mit aufsteigenden Wolken, 65,5 x 81 cm. Zürich, Kunsthaus
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ferdinand Hodler» frå Wikipedia på tysk, den 21. juli 2011.