James Gillray
Utsjånad
James Gillray | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 13. august 1756 Chelsea |
Død | |
Yrke | karikaturteiknar, grafikar, teiknar, illustratør, teikneserieskapar, kunstmålar, grafikar |
Språk | engelsk |
James Gillray på Commons |
James Gillray, også stava Gilray (13. august 1757–1. juni 1815) var ein britisk karikaturteiknar og grafikar som er kjend for sine satiriske vitsteteikningar av politiske og sosiale motiv, særleg i tida frå 1792 til 1810.
Mange av karikaturane til Gillray var retta mot kong Georg 3. og mot dei revolusjonære i Frankrike og Napoléon Bonaparte, men han kritiserte også kronprins Georg, prins av Wales, William Pitt den yngre og dronning Charlotte. I tillegg kjem ei rekkje satiriske kommentarar til sosiale og andre forhold i samtida.
Døme
[endre | endre wikiteksten]-
«Ein ny måte å betale nasjonalgjelda på», 1786. På bildet ser ein kongen, dronninga og Pitt med sekkar fulle av pengar.
-
L'Assemblée Nationale («Det store samarbeidsmøtet på St. Ann's Hill»), 1804. Ei rekkje maktpersonar er portrettert i teikningen.
-
Den britiske ministeren William Pitt den yngre og den nye franske keisaren Napoleon deler kloden, 1805. Pitt tar ein klart større del til Storbritannia.
-
Kronprins Georg, prins av Wales som storetar, 1792
-
«National Conveniences» - fire måtar å gjera frå seg på (engelsk, skotsk, fransk, nederlandsk)», 1796
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «James Gilray» frå Wikipedia på bokmål, den 24. april 2017.