Javnaðarflokkurin
Javnaðarflokkurin | |||
| |||
Land | Færøyane | ||
---|---|---|---|
Grunnlagt | 25. september 1925 | ||
Hovudkvarter | Tórshavn | ||
Ideologi | Sosialdemokrati | ||
Politisk posisjon | sentrum-venstre |
Javnaðarflokkurin (Jv.) (IPA: [ˈjaunɛaːrˌflɔkʊrɪn], norsk omsetjing «Likskapspartiet») er eit sosialdemokratisk politisk parti på Færøyane. Det vart stifta i 1925, og er eit av dei fire store partia på Lagtinget.
Javnaðarflokkurin vart danna med sikte på å forbetra arbeidarklassa sine kår. Det vart det første partiet på Færøyane som var fordelingspolitisk orientert; dei fann klassemotsetnadene viktigare enn lausriving frå Danmark. Javnaðarflokkurin har sidan utvikla seg frå danskvenleg til meir nøytral i spørsmålet. Partiet står sterkast i dei tidleg industrialiserte fiskarbygdene Tvøroyri og Vágur på Suðuroy og i hovudstaden Tórshavn.[1][2]
På røystesetlane nyttar partiet bokstaven «C». Partiet er observatør i Sosialistinternasjonalen og medlem av SAMAK.[3] Ungdomsorganisasjonen Sosialistiskt Ungmannafelag (SU) vart grunnlagd i 1965.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Tidleg historie
[endre | endre wikiteksten]Forløparen for Javnaðarflokkurin vart stifta 25. september 1925 som Suðurstreymoyar Javnaðarfelag (Suðurstreymoys sosialdemokratiske samskipnad), og sprang i hovudsak ut frå den sosialistiske ungdomssamskipnaden Socialistisk Ungdomsforbund (SUF) og Tórshavn Arbeidarsamskipnad (dansk Thorshavn Arbejderforening, færøysk Havnar Arbeiðsmannafelag).[4] Nokre månader seinare vart Froðbiar Sóknar Javnaðarfelag stifta for Suðuroy i Tvøroyri. Blant leiarane var den seinare mangeårige partiformannen og statsminister Peter Mohr Dam. I 1926 slo laga seg saman til Føroya Javnaðarflokkur, «Færøyenes Likskapsparti», som det formelt heitte fram til eit ekstraordinært landsmøte i 2010. Det nye partiet valde Maurentius Viðstein frå Tórshavn til sin formann.[4]
I 1927 byrja ein å utgje partiavisa Føroya Social Demokrat, i 1955 omdøypt til Sosialurin. Ho vart den viktigaste dagsavisa på Færøyane før ho vart seld til Føroya Tele i 2006. I 1928 stilte Javnaðarflokkurin for første gong til val, og fekk 10,6 % av røystene og to mandat på Lagtinget. Den økonomiske krisa utløyst av kollapsen i dei spanske og italienske saltfiskmarknadene i 1930-åra styrkte Javnaðarflokkurin si danskvenlege linje og veljartilslutting.[1] I 1936 fekk partiet 24 % av røystene og seks mandat på Lagtinget, der halvparten var frå Suðuroy. Peter Mohr Dam, lærar på Tvøroyri, vart vald til partiformann.
Partiet tok del i utarbeidinga av den færøyske Hjemmestyreloven av 1948, og var òg med i den første færøyske regjeringa. Etter åtte år i opposisjon lukkast det partiet i 1958 å vinna eit val. Javnaðarflokkurin vart det største partiet, fekk åtte lagtingmedlemmar, og hadde Peter Mohr Dam som statsminister i dei neste fem åra. Han vart statsminister på nytt i 1967, men døydde i 1968. Partiveteranane Einar Waag og Jákup Frederik Øregaard var formenn i ein overgangsfase.
Moderne historie
[endre | endre wikiteksten]I 1970 vart Atli Dam, ein tidlegare fiskeriminister, statsminister for Javnaðarflokkurin, og i 1972 vart han partiformann etter Øregaard. Atli Dam var son av Petur Mohr Dam, og skulle visa seg å verta ein av dei dominerande politikarane i færøysk politikk fram til 1990-åra. Dam var statsminister fram til 1981, på nytt frå 1985 til 1989, og til sist frå 1991 til 1993, då han trekte seg attende frå politikken. Færøyane vart ramma av ei stor økonomisk krise, og Javnaðarflokkurin (som dominerande regjeringsparti) var i hardt vêr. Marita Petersen vart vald til ny partileiar, og var statsminister fram til 1994, då partiet gjekk attende med 12 prosent oppslutning (og lagtinggruppa vart halvert) i lagtingvalet same år.
Jóannes Eidesgaard vart partiformann i 1996, og han var minister i ulike koalisjonsregjeringar rundt tusenårsskiftet, inntil han vart statsminister i 2004. Han regjerte med ein koalisjon beståande av Javnaðarflokkurin, Fólkaflokkurin og Sambandflokkurin fram til lagtingvalet 2008, då han leidde ein ny koalisjon mellom Javnaðarflokkurin, Tjóðveldi og Miðflokkurin. I september same år sprakk samarbeidet, og Kaj Leo Johannesens regjering tok over. Eidesgaard var frå då Færøyanes finansminister inntil han trekte seg som minister og partiformann i 2011.
I juli 2009 måtte Hans Pauli Strøm gå av som helseminister etter økonomisk rot, og vart etterfølgt av Aksel V. Johannesen. Dette førte til at Mikkjal Sørensen (varamedlem av Lagtinget for Straum), den einaste lagtingmedlemmen for partiet busett på Suðuroy, mista plassen sin. Dei andre lagtingmedlemmane for Javanaðarflokkurin frå Suðuroy sat i regjering, og varamedlemmar frå andre delar av landa møte for dei. Dermed sto partiet, for første gong sidan det fekk representasjon i 1928, utan ein lagtingmedlem frå Suðuroy.
Formenn
[endre | endre wikiteksten]- Aksel V. Johannesen 2011–d.d.
- Jóannes Eidesgaard 1996–2011
- Marita Petersen 1993–1996
- Atli Dam 1972–1993
- Jákup Frederik Øregaard 1969–1972
- Einar Waag 1968–1969
- Peter Mohr Dam 1936–1968
- Maurentius Viðstein 1926–1936
Valhistorikk
[endre | endre wikiteksten]- Lagtingval
|
|
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «The Faroe Islands: Options for Independence» (PDF). Island Studies Journal 1 (2): 225. ISSN 1715-2593.
- ↑ Østergaard, Uffe. Færøerne: Nation eller stat? (PDF) (på dansk). s. 63. ISSN 1395-3818. Arkivert frå originalen (PDF) 17. mars 2014.
- ↑ «Úr søgu Føroya Javnaðarfloksins» (på færøysk). Javnaðarflokkurin. Henta 15. januar 2022.
- ↑ 4,0 4,1 «From the history of the Social Democratic Party of the Faroe Islands» (på færøysk). Javnaðarflokkurin. Arkivert frå originalen 12. februar 2011. Henta 3. september 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Javnaðarflokkurin» frå Wikipedia på bokmål, den 16. november 2019.