Joseph Taylor Robinson
Joseph Taylor Robinson | |||
| |||
Fødd | 26. august 1872 Lonoke i Arkansas | ||
---|---|---|---|
Død | 14. juli 1937 (64 år) | ||
Statsborgar av | USA | ||
Parti | Det demokratiske partiet i USA | ||
Yrke | politikar, advokat | ||
Utdanna ved | University of Arkansas | ||
Verv | Guvernør i Arkansas (1913) Senator frå Arkansas (1913–1937) | ||
Alle verv |
|
Joseph Taylor Robinson (26. august 1872–14. juli 1937) var ein amerikansk politikar for Det demokratiske partiet. Han representerte Arkansas i Representanthuset og Senatet gjennom fleire tiår først på 1900-talet, og var òg guvernør i Arkansas frå januar til mars 1913. Han var visepresidentkandidaten til Al Smith ved presidentvalet i 1928.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Robinson vart fødd på ein gard ved byen Lonoke i Arkansas. Han gjekk ved University of Arkansas, og seinare ved University of Virginia, der han vart utdanna jurist. Robinson vart vald inn i den lovgjevande delstatsforsamlinga i Arkansas i 1894, og sat der i éin periode. Han vart vald inn i Representanthuset i Kongressen for i 1902, og vart gjenvalt ved fire høve, slik at han sat i stillinga til 1913. I 1912 vart han vald til guvernør av Arkansas, og trekte seg dermed frå Kongressen den 14. januar 1913 for å bli guvernør i heimstaten dagen etter. I mellomtida hadde sitjande senator frå staten, Jeff Davis, døydd, og den lovgjevande forsamlinga i Arkansas valde Robinson til å overta denne stillinga, berre 12 dagar etter at han var blitt guvernør. Robinson trekte seg frå guvernørstillinga den 10. mars.
Senator
[endre | endre wikiteksten]Robinson var den siste senatoren i USA som vart vald av ein stat si lovgjevande forsamling, i staden for å bli vald ved direkteval. Det sjuande grunnlovtillegget til den amerikanske grunnloven, som kravde ein slik røysting, blei ratifisert og blei verksam den 8. april 1913.
Robinson blei attvald til Senatet i 1918, 1924, 1930 og 1936. Han vart vald til opposisjonsleiar i Senatet for den 68. kongressen (1923–1925), og vart majoritetsleiar i 1933. Han var såleis leiar for Demokratane i Senatet inntil han døydde. Robinson var den første demokraten som var Senatet sin majoritetsleiar. Robinson leidde Senatet til å røyste for å armere handelsfartøy, og dessutan å erklære krig mot Tyskland.[1] Nokre senatorar likte ikkje Robinsons autokratiske stil. I debattar kunne han vere svært hissig; han vart raud i andletet, slo i pulten, gestikulerte vilt, og trampa i golvet.[2] Som senator blei han aldri gjenvalt med mindre enn 70 prosent oppslutning.
Ved presidentvalet i 1924 blei Robinson nemnt som ein potensiell presidentkandidat for Demokratane. Ved landsmøtet til partiet i New York same året, kom Robinson på tolvteplass i den 103. og endelege avstemminga over presidentkandidat som blei vunne av John W. Davis. Ved den 100. avstemminga var Robinson derimot så høgt oppe som sjetteplass. Landsmøtet var det i USA si historie der ein brukte lengst tid på å finna ein kandidat.
Visepresidentkandidat
[endre | endre wikiteksten]Robinson vart vald til Demokratane sin visepresidentkandidat for Al Smith ved landsmøtet til partiet i Houston i Texas. Den felles plattforma deira inkluderte motstand mot alkoholforbodet i USA, og dei var dessutan motstandarar av Ku Klux Klan. Det at Smith var katolikk blei brukt mot dei. Paret enda opp med å vinne berre 8 statar, mot Herbert Hoover og Charles Curtis' 40 statar. Dei tapte i tradisjonelt demokratiske statar som Nord-Carolina og Tennessee, og Texas røysta republikansk for første gong.
Valhistorikk[3]
[endre | endre wikiteksten]År | Demokrat | % | Republikanar | % | ||
---|---|---|---|---|---|---|
1902 | Joseph Taylor Robinson | 89,3 % | W. H. Carpenter | 10,7 % | ||
1904 | Joseph Taylor Robinson | 62,0 % | R. C. Thompson | 38,1 % | ||
1906 | Joseph Taylor Robinson | 84,4 % | R. C. Thompson | 15,6 % | ||
1908 | Joseph Taylor Robinson | Ingen | ||||
1910 | Joseph Taylor Robinson | 81,6 % | B. C. Thompson | 18,4 % |
År | Demokrat | % | Republikanar | % | ||
---|---|---|---|---|---|---|
1912 | Joseph Taylor Robinson | 64,7 % | Andrew I. Roland | 27,4 % |
År | Demokrat | % | Republikaner | % | ||
---|---|---|---|---|---|---|
1918 | Joseph Taylor Robinson | Ingen | ||||
1924 | Joseph Taylor Robinson | 73,5 % | Charles F. Cole | 26,5 % | ||
1930 | Joseph Taylor Robinson | Ingen | ||||
1936 | James Taylor Robinson | 81,8 % | G.C. Ledbetter | 16,4 % |
År | Republikanarar | EV | Statar | % | Demokratar | EV | Statar | % | ||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1928 | Hoover/Curtis | 444 | 40 | 58,2 % | Smith/Robinson | 87 | 8 | 40,8 % |
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Bacon, s. 69
- ↑ Bacon, s. 64
- ↑ Joseph Taylor Robinson, Our Campaigns
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Donald C. Bacon: Joseph Taylor Robinson: The Good Soldier
- Richard L. Riedel: Hall sin of the Mighty: My 47 Years at the Senate (1969)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Joseph Taylor Robinson» frå Wikipedia på bokmål, den 20. september 2009.