Hopp til innhald

Marseille

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marseille
Marselha
Marsiho
by
Flagg
Våpenskjold
Motto: Actibus immensis urbs fulget Massiliensis – «Av hennar store handlingar skin byen av Massilia»
Land  Frankrike
Region Provence-Alpes-Côte d'Azur
Departement Bouches-du-Rhône
Areal 240,62 km²
Folketal 877 215 (1. januar 2022)
Grunnlagd Omkring 600 fvt.
Tidssone CET (UTC+1)
 •  Sommartid CEST (UTC+2)
Postnummer 13001–13016
Retningsnummer 0491
Kart
Marseille
43°17′48″N 5°22′35″E / 43.296666666667°N 5.3763888888889°E / 43.296666666667; 5.3763888888889
Kart som viser Marseille.
Kart som viser Marseille.
Kart som viser Marseille.
Wikimedia Commons: Marseille

Marseille[a] er den nest største byen i Frankrike, og har det tredje største storbyområdet med eit innbyggjartal på 1 516 340 i 1999 (berre Paris og Lyon er større). Byen ligg i den tidlegare provinsen Provence ved Middelhavet, og er den største kommersielle hamna i Frankrike. Marseille er hovudstad i regionen Provence-Alpes-Côte d'Azur i tillegg til préfecture (hovudstad) i departementet Bouches-du-Rhône.

Det var greske kolonistar frå Fokaia som grunnla byen (som Massalia - Μασσαλία) omkring 600 f.Kr. Dei hadde stor sukess her, og gjorde byen til eit stort handelssentrum med ei svært god hamn. Dei var òg dei første i Vest-Europa til å bygge opp eit fungerande kloakksystem. Då moderbyen Phokaia i stor grad vart øydelagd av persarane i 545 f.Kr., kom det mange fleire grekarar til Massalia, noko som stundom vert rekna som den andre grunnlegginga av byen.

Byen fekk sjølvstyre i 1218, men i 1347 kom Svartedauden til Frankrike. Ein meinte pesten kom til landet via hamna i Marseille. Under den tyske okkupasjonen frå november 1942 til august 1944 vart store hamneområde øydelagde. Ved utgravingar etter krigen oppdaga ein spor av den gamle hamna, dokkar og eit teater mellom Quai du Port og Rue Casserie.

  1. oksitansk Marselha eller Marsiho, på latin Massilia

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Marseille