Nature
Utsjånad
Nature | |||
| |||
Oppretta | 4. november 1869 | ||
---|---|---|---|
Språk | engelsk | ||
Nettstad | https://www.nature.com/ |
Nature er eit britisk naturvitskapleg tidsskrift med høgt renomme. Det kom ut for første gong den 4. november 1869.[1]
Tidsskriftet kjem ut ein gong i veka, og inneheld hovudsakleg korte, kompakte artiklar om viktige resultat frå alle greiner av naturvitskapane. Vanlegvis har desse tittelen «Letters to Nature». Tidsskriftet inneheld også meldingar om konferansar og stillingsannonsar.
Nature blir gjeve ut av Nature Publishing Group, som er ein del av forlaget Macmillan Publishers. Dette igjen har Verlagsgruppe Georg von Holtzbrinck som eigar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Nature» frå Wikipedia på bokmål, den 14. januar 2019.