Norsk Hydro
Norsk Hydro | |||
| |||
| |||
Org.form | Allmennaksjeselskap | ||
---|---|---|---|
Org.nr. | 914778271 | ||
Bransje | Aluminiumsindustri, energibransje | ||
Skipa | 2. desember 1905 | ||
Dotterselskap | Norsk Hydro Deutschland, Hydro Energi, Hydro Aluminium, Norsk Kraftaktieselskab, De Norske Salpeterverker, Yara International | ||
Hovudkontor | Oslo | ||
Land | Noreg | ||
Produkt | aluminium, aluminiumlegering, fornybar energi | ||
Grunnleggjar(ar) | Sam Eyde | ||
Styreleiar | Dag Mejdell | ||
Adm.dir. | Hilde Merete Aasheim (2018)[1] | ||
Resultat | 13 930 000 000 norsk krone (2021)[2] | ||
Nettstad | https://hydro.com (norsk) |
Norsk Hydro (OSE: NHY) er eit norsk energiselskap, ofte omtala berre som Hydro. Hydro har 25 000 tilsette, fordelt på verksemd i over 30 land. Selskapet er organisert i divisjonar for Energi og Aluminium. Selskapet er eit Fortune 500-selskap og inngår òg i Dow Jones-indeksen for berekraftige selskap i tillegg til FTSE4Good-indeksen.
Om lag to tredelar av eigarinteressene i Norsk Hydro er på norske hender. Den norske staten eig 43,8 prosent av selskapet.
Hovudkontoret ligg på Vækerø i Oslo, der Svein Richard Brandtzæg leier selskapet. I Noreg har Hydro fabrikkar på Rjukan, Porsgrunn, Vennesla, Karmøy, Høyanger, Årdal, Sunndalsøra, Holmestrand, Magnor og Raufoss.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Selskapet vart grunnlagd den 2. desember 1905 av Sam Eyde og Kristian Birkeland med det fulle namnet Norsk Hydro-Elektrisk Kvælstofaktieselskab. Den svenske Wallenberg-familien hjelpte til med å finansiere det nye selskapet. Selskapet var basert på eit patent av Birkeland. Ein lysboge vart nytta til å laga nitrogenbasert kunstgjødsel. Til dette trengde ein elektrisk energi, som vart skaffa ved å byggja ut Svelgfossen ved Notodden.
I 1951 byrja selskapet å produsera magnesium. Det vart vedteke å byggja eit smelteverk for aluminium på Karmøy i 1963. Etter den fyrste konsesjonstildelinga for norsk kontinentalsokkel i 1964 har Hydro bygd opp ei stor petroleumsverksemd. Verksemda førte til ei satsing på petrokjemi. Satsinga på aluminium vart forsterka i 1986 då lettmetalldivisjonen vart fusjonert med Årdal og Sunndal Verk. I 2002 vart tyske Vereinigte Aluminium Werke kjøpt opp. I 2004 vart landbruksseksjonen skilt ut som eit eige selskap og børsnotert under namnet Yara International ASA. Hydro dreiv òg ei tid med fiskeoppdrett. Oppdrettsverksemda vart seld til nederlandske Nutreco i 2000.
Divisjonar
[endre | endre wikiteksten]Olje og energi
[endre | endre wikiteksten]Hydro Olje & Energi var operatør for 15 olje- og gassinstallasjonar fram til 2007, då avdelinga slo seg saman med Statoil og danna StatoilHydro. I 2003 var selskapet sin gjennomsnittlege eigenproduksjon på 530 000 fat olje pr. dag. Det var norsk kontinentalsokkel som var selskapets hovudbase, men Hydro dreiv i tillegg med petroleumsverksemd i Angola, Canada, Russland og Libya. Selskapet var ansvarleg for utbygginga av naturgassfeltet «Ormen Lange-feltet» utanfor Midt-Noreg.
Selskapet har òg verksemd knytt til vasskraft og vindkraft. I tillegg vert det drive med handel knytt til energi over heile Europa.
Hydro Aluminium
[endre | endre wikiteksten]Hydro Aluminium er mellom dei tre største aluminiumsselskapa i verda og har 27 000 tilsette, i hovudsak i Noreg og Tyskland. Selskapet driv med både aluminiumproduksjon og vidareforedling av aluminium. Arbeidet inkluderer både valsing, ekstrudering og støypte komponentar.
Anna verksemd
[endre | endre wikiteksten]Avdelinga for «Andre virksomheter» er definert å liggja utanfor Hydro sine to kjerneområde. Her ligg aktivitetar som Hydro Polymers (petrokjemi), fiskeforprodusenten Biomar, Hydro Business Partner og skadeforsikringsselskapet Industriforsikring.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Hydro-sjefen går av»; vitjingsdato: 14. mars 2024; kortnamn på forfattar: Annvor Seim Vestrheim; språk på verket: nynorsk; utgjevingstidspunkt: 14. mars 2024; sitat: – Eg gler meg til å ta fatt på neste steg for Hydro saman med våre 32 000 dyktige og engasjerte medarbeidarar, seier Kallevik. Han tek over for Aasheim 13. mai..
- ↑ https://www.hydro.com/en-NO/media/hydro-at-a-glance/; vitjingsdato: 1. juni 2022.