Republikken Pisa
Republikken Pisa var ein de facto sjølvstendig stat rundt byen Pisa i Toscana på 900- og 1000-talet. Han var lenge det mektigaste handelssenteret i Middelhavet før Republikken Genova etter kvart tok over denne rolla. Makta til Pisa som ein mektig sjøfartsnasjon voks fram og nådde toppen på 1000-talet då han vart ein av dei fire maritime republikkane i Italia.
Vegen til toppen
[endre | endre wikiteksten]På denne tida var byen eit svært viktig handelssenter og kontrollerte store delar av handelsflåten og marinen i Middelhavet. Republikken utviuda områda sine med å plyndre Reggio Calabria i 1005 i Sør-Italia. Pisa var i stadig konflikt med sarasenarane, som hadde basar på Sardinia og Korsika, om makta i Middelhavet. I 1017 vart Sardinia erobra, i ein allianse med Genova. Sigeren gav Pisa overmakta i Tyrrenhavet. Då pisarane etter kvart kasta genuesarane ut av Sardinia kom dei i konflikt med kvarandre og dei vart erkerivalar. Mellom 1030 og 1035 erobra Pisa fleire byar på Sicilia, i tillegg til Kartago i Nord-Afrika. I 1051-1052 erobra admiral Jacopo Ciurini Korsika og Genova følte seg meir krenkt. I 1063 støtta PIsa normannaren Roger med å erobre Sicila.
I 1060 oppstod det første slaget mellom Pisa og Genova. Pisa vann og stadfesta posisjonen sin i Middelhavet. Pave Gregor VII respekterte i 1077 dei nye «Lovene og skikkane for havet» som Pisa hadde innført og keisar Henrik IV av Det tysk-romerske riket gav dei rettar til å oppnemne sitt eige råd. I 1092 gav pave Urban II Pisa råderett over Korsika og Sardinia og samstundes gjorde han Pisa til erkebispesete. Pisa plyndra byen Mahdia i Tunisia i 1088. Fire år seinare hjelpte skip frå Pisa og Genova Alfonso VI av Castilla med å drive El Cid ut av Kongedømet Valencia.
Pisa og krossfararane
[endre | endre wikiteksten]Ein flåte på 120 skip frå Pisa tok del i Det første krosstoget og pisarar var medverkande til å erobre Jerusalem i 1099. På veg til Det heilage landet nytta flåten høvet til å plyndre austromerske øyar. Flåten var ført av erkebiksopen deira Daibert, den framtidige patriarken i Jerusalem.
Pisa og dei andre maritime republikkane nytta høvet til å opprette handelsstasjonar og koloniar i dei austlege kystområda som Syria, Libanon og Palestina. Pisa grunnla koloniar i Antiokia, Akko, Jaffa, Tripoli, Tyre, Joppa, Latakia og Accone. Dei hadde òg eigedomar i Jerusalem og Caesarea, pluss mindre koloniar i Kairo, Alexandria og Konstantinopel der den austromerske keisaren Alexius I Comnenus gav dei spesielle kaiplassar og handelsrettar. I alle desse byane fekk Pisa privilegia og var fritatt skatt, men måtte medverke til forsvaret av byane. I nokre år var Pisa den viktigaste allierte til Austromarriket, til og med viktigare enn Venezia.
Nedgangen til PIsa
[endre | endre wikiteksten]Pisa som ei internasjonal stormakt vart øydelagd for alltid då flåten deira tapte slaget ved Meloria mot dei undertalige genuesarane i 1284. Dei mista då dei fleste galleiane sine og mange sjømenn vart teke til fange. I 1290 øydela Genova sine skip hamna i Pisa.
Som ein del av Visconti sine eigedommar etter 1399 vart Pisa så seld til Firenze i 1402, og etter blodig og fånyttes motstand vart republikken erobra i 1406.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Republikken Pisa» frå Wikipedia på engelsk, den 9. januar 2008.
- en oppgav desse kjeldene:
- John Julius Norwich The Normans in the South 1016-1130. Longmans: London, 1967.