Solingen
Solingen | |
---|---|
Clemenskirche i Solingen | |
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Tyskland Nordrhein-Westfalen Düsseldorf Kreisfri by |
Grunnlagd | 1862 |
Geografi | |
Flatevidd - By |
89,45 km² |
Innbyggjarar - By (2006) - folketettleik |
163 263 1 832/km² |
Koordinatar | 51°10′0″N 7°5′0″E / 51.16667°N 7.08333°E |
Høgd over havet | 53-276 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 42601-42719 |
Telefon-retningsnummer | 0212 |
Bilnummer | SG |
Heimeside: www.solingen.de |
Solingen er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 165 000 innbyggjarar. Byen ligg i nord i området Bergisches Land, sør for Ruhr-området.
Solingen er kjend for lange tradisjonar med å lage fine sverd, knivar, sakser og andre knivreiskap med selskap som Wüsthof, Zwilling (J.A. Henckels), Boker og fleire andre.
Seint på 1600-talet gjorde ei gruppe sverdsmedar frå Sollingen edsbrot då dei tok med seg sverdmakarløyndomen til Shotley Bridge i County Durham i England, som var ein ideell stad med store jernressursar ved elva Derwent. 90 % av tyske knivar vert produsert i Solingen.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Solingen vart først nemnd i 1067 som Solonchon. Han var ein liten landsby i fleire hundreår, men vart ein festningsby på 1400-talet. Under den andre verdskrigen vart gamlebyen totalt øydelagd under bombetok i 1944 og 1 040 menneske omkom. I dag er det derfor få attraksjonar igjen i sentrum, sidan lite av gamlebyen vart bygd opp att.
I 1929 vart Ohligs, som låg i den prøyssiske provinsen Rhein, 27 km nord for Köln, ein del av Solingen. Den største industrien i byen var kniv- og våpenproduksjon, og her var jernstøyperi og møller. Andre industriar var brygging, farging, veving og produksjon av mursteinar. Før 1891 var byen kjend som Merscheid.
I nyare tid byen vart kjend på grunn av ein brann i 1993 der to vaksne kvinner og tre jenter i eit tyrkisk hus døydde i ein påsett brann. Sju andre personar vart skada. Ein meiner det var nynazistar som starta brannen.[1]Hendinga vart enno meir kontroversiell då den tyske kanslaren Helmut Kohl nekta å delta i gravferda.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ In German City, an Old Crime Hovers Over E.U. Expansion - Artikkel på washingtonpost.com
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Solingen frå Engelsk Wikipedia .