Soroca
Utsjånad
Soroca | ||
---|---|---|
| ||
Styresmakter | ||
Land |
Moldova | |
Geografi | ||
Flatevidd | 11,88 km² | |
Innbyggjarar - By (2004) |
28 407 | |
Koordinatar | 48°10′N 28°18′E / 48.167°N 28.300°E | |
Høgd over havet | 45 m | |
Tidssone | EET (UTC+2) | |
Diverse anna | ||
Heimeside: www.sr.com.md | ||
Plassering | ||
Soroca er ein by i Moldova ved elva Dnestr, om lag 160 km nord for Chișinău. Han har om lag 30 000 innbyggjarar, og han har ein forholdsvis stor minoritet av sigøynarar, noko som har gjort at byen stundom vert kalla «sigøynarane sin hovudstad»[1]
Byen har opphavet sitt som ein mellomaldersk handelsstasjon for Republikken Genova. Seinare bygde fyrst Stefan III av Moldavia ei festning her i 1499, som byen er kjend for i dag.
Under den store tyrkiske krigen klarte John Sobieski og styrkane hans å forsvare festninga mot osmanarane. Byen var militært viktig under Prut-felttoget til Peter den store i 1711. Festninga vart plyndra av russarane under den russisk-tyrkiske krigen 1735-1739.
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Soroca» frå Wikipedia på engelsk, den 5. februar 2008.