Hopp til innhald

Stonewall-opprøret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Stonewall-opprøret var ei rekkje spontane, valdelege demostrasjonar leia av medlemmer av homomiljøet mot ein uventa politirazzia nattestid 28. juni 1969. Opprøret byrja utanfor homsebaren Stonewall Inn i Manhattan-strøket Greenwich Village i New York og gjekk føre seg i fleire dagar etterpå. Stonewall-opprøret er rekna som startskotet på den moderne homorørsla, seinare kjend under nemningar som LHBT. Det blir halde årlege pridefestivalar ei rekkje stader til minne om demonstrasjonane.[1]

USA på 1950- og 1960-talet var eit homofobt samfunn. Homofili var forbode i 49 delstatar, og sex mellom to menn kunne straffast med bøter eller fengsel.[1][2] Ein nytta også ulike middel for å stoppa homofili, som elektrosjokkbehandling, lobotomi, hypnose, kastrering og innesperring på psykiatriske institusjonar.[3][4] Små grupper forkjemparar hadde prøvd å visa at homofile kunne vera del av samfunnet, og gjekk inn for ikkje-konfronterande opplysing for både homofile og heterofile. Slutten av 1960-åra hadde ein auke i politiske rørsler, som borgarrettsrørsla, motkulturen (hippierørsla) og motstanden mot Vietnamkrigen. Desse strøymingane bidrog til å utløysa Stonewall-opprøret.

Då opprøret fann stad var Stonewall Inn ein mafiadriven homsebar som var kjend for ein blanda kundekrins[1][2] som i tillegg til «vanlege» homofile omfatta dragqueens, transpersonar, lesbiske, mannlege prostituerte og heimlause unge. Politiraid mot homsebarar var vanlege i 1960-åra, men ofte blei mafiaen tipsa om raida på førehand.[1]

Ved raziaen på Stonewall Inn 28. juni 1969 mista politiet kontroll over situasjonen. Kundane på Stonewall Inn byrja kasta brannbomber og brustein i eit gateslag som gjekk føre seg over to dagar. I løpet av få veker hadde mange av kundane mobilisert seg i organisasjonar og aktivistgrupper. Desse gruppene skulle sørgja for at skeive kunne vera opne om si eiga legning utan frykt for å bli arrestert. Det blei også skipa tre aviser kort tid etter opprøret for å fremja rettane til homofile. 28. juni 1970 blei dei første Pride-paradane haldne i New York, Los Angeles, San Francisco og Chicago for å markera den første årsdagen for opprøret. Pride-festivalen har seinare blitt ei internasjonal markering.[5]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 ««28. juni 1969 raidet New York politiet en liten gay-klubb i Greenvich Village.»». NRK. 28. mai 2019. Henta 6. juni 2019. 
  2. 2,0 2,1 Carter 2004.
  3. Katz 1976.
  4. Adam 1987.
  5. «Pride Marches and Parades» i Encyclopedia of Lesbian, Gay, Bisexual, and Transgender History in America, Marc Stein, red. (2004), Charles Scribner's Sons.
Litteratur

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]