Talkshow
Utsjånad
Talkshow er eit underhaldningsprogram, send på fjernsyn, radio eller internett, der ein eller fleire programleiarar pratar med kjende eller aktuelle personar.
Det fyrste talkshowet som vart vist på fjernsyn vart sendt på den lokale amerikanske fjernsynskanalen WJZ-TV i 1951.[1] Programmet var leia av Joe Franklin. Det vart fyrst sendt på vekedagar, men flytta etterkvart til laurdagskvelden.[2]
Ulike typar
[endre | endre wikiteksten]Det finst ulike typar og format innanfor kategorien talkshow. Felles er at dei er tilpassa med innhald for dei ulike programblokkene på ein kanal.
- Morgonprogram som tar for seg ei blanding av nyhende, intervju med kjendisar og musikalske innslag.
- Ettermiddagsprogram som liknar i form på morgonprogramma, men utan nyhendeinnslag.
- Kveldsprogram som i størst grad baserar seg på intervju med kjendisar og musikalske innslag. Programleiarane er ofte komikarar, og starten av programmet blir ofte innleia med ein monolog.
- Nyhendeprogram der aktuelle saker blir tatt opp. Slike program blir som oftast spelt inn utan publikum.
Sjangeren i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Liste over norske talkshow
[endre | endre wikiteksten]Morgonprogram
[endre | endre wikiteksten]- God Morgen Norge (1994-)
- Frokost-TV (1983-1993)
Kveldsprogram
[endre | endre wikiteksten]- Lindmo (2012-)
- Praktisk info med Jon Almaas (2017-)
- Senkveld med Helene og Stian (2018-)
- Skavlan (2009-)
- Trygdekontoret (2009-)
Nyhendeprogram
[endre | endre wikiteksten]- Torp (2016-2020)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «JOE FRANKLIN TRUTH IN PACKAGING», web.archive.org, 3. juli 2009, arkivert frå originalen 3. juli 2009, henta 3. juni 2019
- ↑ Hinckley, David (November 26, 1999). «Joe Franklin: Truth in Packaging». New York Daily News. Arkivert frå originalen 3. juli 2009. Henta 1. januar 2008.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- talkshow. Store norske leksikon