Hopp til innhald

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 44, 2024

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Subotica sett frå rådhuset.

Subotica er ein by og kommune i den sjølvstyrte provinsen Vojvodina nord i Serbia. Han ligg om lag 10 km frå grensa til Ungarn. Subotica er i dag den nest største byen i Vojvodina etter Novi Sad med oppunder 90 000 innbyggjarar. Det gjer han til den femte største byen i Serbia.

Subotica vart truleg først ein busetnad då folk frå nærliggande landsbyar øydelagde av tatarinvasjonane flytte hit i 1241–1242. Etter det avgjerande slaget mot tyrkarane ved Senta den 11. september 1697 vart Subotica ein del av Militærgrensa oppretta av Habsburgmonarkiet. Subotica utvikla seg gradvis frå ein rein garnisonsby til ein marknadsby med eigne byrettar i 1743. I 1779 gav keisarinne Maria Teresia av Austerrike byen status som fri kongeleg by. Dei entusiastiske innbyggjarane gav då byen namnet «Maria-Theresiopolis». Les meir …