Zjukovskij
- Denne artikkelen er om den russiske byen. For den vitenskapsmannen se Nikolai Zjukovskij
Zjukovskij Жуковский | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Moskva oblast | ||||
Grunnlagd Bystatus |
1935 = 1947 | ||||
Borgarmeister | Aleksander Bobovnikov | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
27 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
102 000 3 777,8 /km² | ||||
Koordinatar | 55°36′00″N 38°07′00″E / 55.60000°N 38.11667°E | ||||
Høgd over havet | 130 moh. | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 14018x | ||||
Retningsnummer (tlf) | (+7)49648 | ||||
Nettstad: www.zhukovskiy.ru |
Zjukovskij (russisk Жуко́вский) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 100 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Moskva, rundt 35 km søraust for Moskva sentrum.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Ut av datsja-busetnaden Otdykh (russisk: Отдых) oppstod i 1930 Stakhanovo (russisk: Стаханово), med status som urbanliknande busetnad. 1947 fekk Stakhanovo bystatus og sitt noverande namn. Byen er kalla opp etter den russiske vitskapsmannen Nikolaj Jegorovitsj Zjukovskij, som vert rekna som far til den russiske luftfarten.
Næringsliv
[endre | endre wikiteksten]Zjukovskij er det viktigaste senteret for russisk luft- og romfart. Under sovjettida var byen, som militært støttepunkt, ikkje tilgjengeleg. I dag er han midtpunktet for den russiske flyforskinga – med fleire kontrollstasjonar og rullebaner, mellom anna den største i Europa med ei lengd på 5,4 km og ei breidde på 120 m.
Dessutan finn ein mellom anna forskningsinstitutta og høgskulane:
- Det sentrale aerohydrodynamiske instituttet (TsAGI)
- M. M. Gromov flyforskningsinstitutt (LII)
- Det vitenskapelige forskningsinstitutt for luftfartsinstrumentering og -utstyr (NIIAO)
- Skule for MiG-testpilotar
Her finn òg den internasjonale luft- og romfartsutstillinga MAKS stad anna kvart år.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Zjukovskij på mojgorod.ru (russisk)