Hoppa till innehållet

Wikipedia:Dagens skandinaviska artikel/Nynorsk/Vecka 45, 2024

Från Wikipedia
America i 1976.

America er eit USA-amerikansk rockeband som vart skipa i 1970 av Dewey Bunnell, Dan Peek og Gerry Beckley. Dei tre medlemmane møtte kvarandre først i London, der dei byrja å halde konsertar i lag. America vart særleg populær i 1970-åra, og var kjent for dei tette harmonivokalane og den akustiske viserockstilen sin. Gruppa gav ut ei rekkje hitalbum og singlar, som vart spelt på mange radiostasjonar.

Bandet kom saman etter at medlemmane var ferdig med vidaregåande skule og fekk ein platekontrakt med Warner Bros. Records. Debuplata, America frå 1971, gav gruppa dei store hittane «A Horse with No Name» og «I Need You». I løpet av fire tiår har gruppa fortsett å spele inn musikk og dratt på turnear. America er innlemma i Vocal Group Hall of Fame og har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame. Les meir …