Hopp til innhald

Aud Inger Aure

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aud Inger Aure
Fødd12. november 1942
Bremsnes
Død7. juni 2023 (80 år)
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar
VervOrdførarar i Kristiansund 1995–1997
FøregangarHarald Stokke
EtterfylgjarDagfinn Ripnes
Alle verv
  • stortingsrepresentant (fast møtande vararepresentant, 1989–1990)
  • Norsk justisminister (1997–1999)
  • varamedlem i Europarådets parlamentariske forsamling (1989–1990)
  • ordførar i Kristiansund (1995–1997)
  • vararepresentant til Stortinget (1985–1989)
  • vararepresentant til Stortinget (1989–1993) Sjå dette på Wikidata

Aud Inger Aure (12. november 19427. juni 2023) var ein norsk jurist og politikar frå Kristeleg Folkeparti. Ho var den fyrste kvinnelege ordføraren i Kristiansund.[1] Aure var justisminister i perioden 1997–1999 i Regjeringa Bondevik I. Ho måtte trekkje seg som statsråd på grunn av alvorleg sjukdom.[2]

Utdanning og yrkesliv

[endre | endre wikiteksten]

Aure var cand.jur. frå 1993; ho tok juristutdanninga etter å ha arbeidd mange år som rekneskapskonsulent. Ho var distriktsarbeidssjef i Kristiansund frå 1994 til 1995.[3]

Politiske verv

[endre | endre wikiteksten]

Ho var medlem av fylkestinget i Møre og Romsdal i perioden 1983–1995, og ordførar i Kristiansund frå 1995 til 1997,[3] og deretter i ein kort periode i 1999 etter at ho gjekk av som justisminister.[2][1] Ho var vararepresentant til Stortinget 1985–1993, og møtte fast som stortingsrepresentant 1989–1990 medan Kjell Magne Bondevik var utanriksminister i Jan P. Syse si regjering.

  1. 1,0 1,1 Endal, Rolf Harald (11. november 2022), «Aud Inger Aure 80 år», Kristelig Folkeparti (på norsk bokmål), henta 15. august 2023 
  2. 2,0 2,1 «Aud-Inger Aure på jobb igjen mandag», Drammens Tidende (på norsk), 10. juni 1999, henta 15. august 2023 
  3. 3,0 3,1 «Aud Inger Aure». Stortinget.no.