Daniel C. Tsui
Daniel C. Tsui
崔琦 | |||
| |||
Fødd | 28. februar 1939 (85 år) Henan i Kina | ||
---|---|---|---|
Bustad | New Jersey i USA | ||
Nasjonalitet | Amerikansk | ||
Område | Eksperimentell fysikk Elektroteknikk | ||
Yrke | fysikar, universitetslærar | ||
Institusjonar | Princeton University Bell Laboratories | ||
Alma mater | University of Chicago (PhD) Augustana College (BSc) | ||
Kjend for | Kvante Hall-effekten | ||
Utmerkingar | Nobelprisen i fysikk (1998) | ||
Medlem | National Academy of Sciences American Academy of Arts and Sciences National Academy of Engineering Phi Beta Kappa Det kinesiske vitenskapsakademi American Association for the Advancement of Science American Physical Society Academia Sinica | ||
Religion | Evangelisk-luthersk |
Daniel C. Tsui (fødd 28. februar 1939 ) er ein kinesisk-amerikansk fysikar.
Tsui mottok Nobelprisen i fysikk i 1998, saman med Horst Ludwig Störmer og Robert B. Laughlin, for oppdaginga deira av ei ny form for kvantevæske med fraksjonelt ladde eksitasjonar..
Han vart løna med Nobelprisen for å ha oppdaga at elektron opptrer saman i sterke magnetiske felt, og kan danne nye typar «partiklar» med ladningar som er ein brøkdel av ladningen i elektronet. Störmer og Tsui gjorde oppdaginga i 1982 under eit eksperiment der de utnytta ekstremt sterke magnetfelt og låge temperaturer. Innan eitt år etter oppdaginga lukkast det Laughlin å forklare resultatet dei fekk. Gjennom teoretisk analyse viste han at elektrona i eit sterkt magnetfelt kan kondensere og danne ein slags kvantevæske, nærskyld dei kvantevæsker som oppstår ved superleding og i flytande helium.
Tsui tok doktorgrad i fysikk ved University of Chicago i 1967, og har vore professor ved Princeton University sidan 1982.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Daniel C. Tsui» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.