Hatt
Hatt er eit hovudplagg med ein viss stivleik eller eiga form. Hattar kan lagast av ulike materiale, som tekstil, skinn og strå, og kan ha ulike utformingar, som regel med ein pull som sit på hovudet, gjerne også ein brem som stikk ut frå nedre delen. Dei kan berast av både kvinner og menn, og har hatt ei viktig rolle innan mote- og drakthistoria gjennom tidene. Hattar har vore praktiske plagg til vern mot sol, regn og kulde, men er også blitt brukte som pynt eller for å markera yrkesmessig, sosial, militær eller religiøs posisjon.
Ordet hatt
[endre | endre wikiteksten]«Hatt» kjem av norrønt hǫttr, hattr og er i slekt med ordet «hette». Huer skil seg frå hattar ved at dei typisk er mindre, mjukar eller manglar brem. Grensa mellom «hatt» og «lue» er glidande, til dømes kan hovudplagg som beret og sikspens reknast som begge delar. Ordet «hatt» kan også brukast om noko hatteliknande, som «pipehatt», deksel på skorsteinar, eller den øvste, flate delen av fruktlekamen på visse soppar.
Hattemaking
[endre | endre wikiteksten]Hattar kan lagast av privatpersonar eller fagfolk, kjende som hattemakarar eller modistar. Ein kan nytta mange slag lette materiale til å laga hattar. Strå er lett tilgjengeleg og lett å forma. Filt er svært vanleg, men lerretsstoff blir også brukt. Finare flosshattar kan lagast av silke som er trekt stramt rundt ein pappkjerne.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «hatt» i Nynorskordboka.
- «Hatt» i Ordbog over det danske Sprog
- «hatt» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Hatt» frå Wikipedia på bokmål, den 6. juli 2010.