Jalawla
Jalawlā | |||
arabisk جلولاء, kurdisk Gulala, tyrkisk Celavla | |||
by | |||
Land | Irak | ||
---|---|---|---|
guvernement | Diyala | ||
Distrikt | Khanaqin | ||
Folketal | 80 000 (2015) | ||
Jalawla 34°16′47″N 45°09′58″E / 34.2797222°N 45.1661111°E |
Jalawla (arabisk جلولاء, òg kalla Gulala, eller stundom feilaktig Jalula) er ein by i Diyala guvernement i Irak. Han ligg ved breidda av elva Diyala[1] 8 km nord for Al-Sadiyah.
I 2017 var det estimert at byen hadde 80 000 innbyggjarar.
Slaget ved Jalula fann stad i byen mellom Sasanideriket og Rashidun-kalifatet kort tid etter erobringa av Ktesifon. Historikaren Ibn al-Athir skreiv at dei persiske tapa i Jalawla nådde 100 000 mann og at dei døde mennene har «Jellat» (fylt grunnen) slik at området vart kjend som Jalawla.
Frå august til november 2014 vart byen i hovudsak kontrollert av Den islamske staten i Irak og Syria og lokale arabiske stammer som erobra byen frå irakiske styrkar.[2]
23. november 2014 atterobra den kurdiske Peshmerga heile byen att.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Jalawla» frå Wikipedia på engelsk, den 27. februar 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Jalula's Map». Map Landia. Henta 26. august 2014.
- ↑ http://www.dailystar.com.lb/News/Middle-East/2014/Aug-11/266784-isis-drives-kurds-out-of-jalawla-in-iraq.ashx#axzz3JvZ2ewpW
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 28. november 2014, henta 27. februar 2021