Klor
Klor (frå gresk chloros, grøn) er eit grunnstoff med atomnummer 17 og kjemisk symbol Cl. Det er eit ikkje-metall som opptrer i gassform ved romtemperatur. Ein finn det i gruppe 17 i periodesystemet saman med dei andre halogena. Klor er reaktivt og kan ha mange oksidasjonstal i kjemiske sambindingar.
Særlege kjenneteikn
[endre | endre wikiteksten]Klor er eit sterkt oksiderande, bleikande og desinfiserande stoff. Gassen av det reine grunnstoffet er gulgrøn, to og ein halv gong så tung som luft, har ei sterk og ubehageleg lukt, og er svært giftig.
Klor er eit av dei mest elektronegative grunnstoffa etter oksygen og fluor.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Klorgass har vorte brukt til kjemisk krigføring under den første verdskrigen.
Reingjeringsmiddel som klorin inneheld hypokloritt.
Det er vanleg å klorera drikkevatn for å drepa bakteriar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Klor vart oppdaga av Carl Wilhelm Scheele i 1774.
Biologisk rolle
[endre | endre wikiteksten]Klor i form av klorid (Cl-) er nødvendig for pattedyr og plantar. Magesyra inneheld saltsyre (HCl).
Førekomst
[endre | endre wikiteksten]Det finst store mengder klor i naturen i form av salt og andre sambindingar. Nokre av desse er nødvendige for dei fleste typar liv, blant dei menneskekroppen.
Sambindingar
[endre | endre wikiteksten]Kloridion frå oppløyste klorsalt utgjer rundt 1,9 % av massen av sjøvatn. I Dødehavet er konsentrasjonen endå større.
Viktige sambindingar:
Isotopar
[endre | endre wikiteksten]Tryggleik
[endre | endre wikiteksten]Klorgass er giftig.
Sjå også
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- WebElements.com - klor
- Klor Arkivert 2005-02-04 ved Wayback Machine.