Provinsen Tarragona
Utsjånad
Tarragona er ein provins aust i Spania, sør i den autonome regionen Catalonia. Han grensar til provinsane Castellón, Teruel, Zaragoza, Lleida, Barcelona og Middelhavet.
Provinsen har kring 650 000 innbyggjarar og ein om lag ein femtedel av desse bur i provinshovudstaden Tarragona. Andre byar i Tarragona er Constantí, Reus, Falset, El Vendrell, Tortosa og Amposta. Provinsen har i alt 183 kommunar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tarragona (province)» frå Wikipedia på engelsk, den 4. oktober 2009.