Rolling Stone
- For musikkgruppa, sjå Rolling Stones.
Rolling Stone | |||
| |||
Oppretta | 1967 | ||
---|---|---|---|
Grunnleggjar | Jann Wenner | ||
Språk | engelsk | ||
Nettstad | https://rollingstone.com |
Rolling Stone er eit amerikansk magasin som er dedikert til musikk og populærkultur. Det blei grunnlagt i San Francisco i 1967 av Jann Wenner (som framleis er redaktør og utgivar) og musikkritikar Ralph J. Gleason. Til å byrja med blei bladet identifisert med hippie-bevegelsen, men distanserte seg frå andre undergrunnsmagasin ved å omfamne meir tradisjonelle journalistiske standardar og unngå radikale, politiske idear. Då Rolling Stone satsa på å dekke politikk på byrjinga av 70-talet, var det gjennom den særeigne gonzojournalistikken til Hunter S. Thompson.
På byrjinga av 1980-talet flytta magasinet til New York for å kome nærare reklamebransjen, og blei på same tidspunkt meir reinhåra (m.a. ved å narkotikateste tilsette). Mange meiner at Rolling Stone mista sjela si, og blei eit anna blad ved denne overgangen.
Bladet gjennomgjekk ei ansiktsløfting på byrjinga av 2000-talet, etter at salstala hadde sokke takka vere konkurranse frå manneblad som Maxim og FHM. Bladet satsar no på å nå eit yngre publikum ved å fokusere på unge og pene stjerner.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
2004.
-
1971.