Hopp til innhald

Steve Coppell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Steve Coppell
Coppell as Reading manager in 2006
Personleg informasjon
Fullt namn Stephen James Coppell[1]
Fødselsdato 9. juli 1955 (69 år)[1]
Fødestad Liverpool[1]
Posisjon Høgreveng[1]
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1973–1975 Tranmere Rovers 38 (13)
1975–1983 Manchester United 322 (53)
Totalt 360 (66)
Landslag
1976 England U23 1 (0)
1977–1983 England 42 (7)
Trenar for
1984–1993 Crystal Palace
1995–1996 Crystal Palace
1996 Manchester City
1997–1998 Crystal Palace
1999–2000 Crystal Palace
2001–2002 Brentford
2002–2003 Brighton & Hove Albion
2003–2009 Reading
2010 Bristol City
2012–2013 Crawley Town (director of football)
2013–2014 Portsmouth (director of football)
2016–2017 Kerala Blasters
2017–2018 Jamshedpur
2018–2019 ATK
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Steve Coppell, fullt namn Stephen James Coppell, (fødd 9. juli 1955) er ein engelsk tidlegare fotballspelar og -trenar frå Liverpool. Han var ein kjapp høgreveng for Manchester United og det engelske landslaget.

Coppell vart overført frå Tranmere Rovers til Manchester United vinteren 1975. Nokså omgåande spelte han seg til fast plass i Manchester-laget. Åra 1976 til 1979 spelte han tre FA-cupfinalar for Manchester United, einast 1977-finalen mot Liverpool FC enda med triumf for Coppell. I oktober 1981 vart han i landskamp mot Ungarn alvorleg skadd i eit kne. Fram til dess spelte han 207 klubbkampar i rad, ingen annan ute-spelar i Manchester United har ei slik kamprekke. Trass i fleire inngrep, førte skaden til at han la opp i 1983. Han fekk med seg ligacupfinalen i mars 1983, men ikkje i FA-cupfinalen i mai.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Coppell fekk sin landslagsdebut 16. november 1977 då England på heimebane slo Italia 2-0 i ein VM-kvalifiseringskamp. I 1980 var han med i to av Englands kampar under europameisterskapen, to år seinare spelte han alle Englands fire kampar i VM i fotball 1982. Hans 42. og siste landskamp fann stad på Wembley stadion 30. mars 1983, ein mållaus kvalifiseringskamp til neste års europameisterskap. Coppell skåra 7 mål for England.

  • Vinnar av FA-cupen: 1977 med Manchester United
  • Finalist i FA-cupen: 1976 og 1979 med Manchester United
  • Finalist i ligacupen: 1983 med Manchester United

Coppell var 1984-93 lagsjef i Crystal Palace FC og i tre kortare bolkar i tida 1995-2000. 2003-09 leia han Reading FC, ein klubb han tok til siger på nivå 2 i engelsk fotball og dermed spel i Premier League (toppserien).

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Steve Coppell». Barry Hugman's Footballers.