Symjing
Symjing er det å ta seg fram gjennom vatn med få eller ingen hjelpemiddel. Ei rekke dyr som lever i havet sym mesteparten av livet sitt. I tillegg sym ei rekke pattedyr og fuglar jamleg eller av og til. Mange pattedyr kan symje instinktivt, men menneske har berre eit svakt symjeinstinkt (sjå babysymjing), og må lære kunsta. Dei har likevel lett for det, og har eit større spekter av symjeteknikk enn dyr.
Ein kan symje for å kome seg ein stad, trene eller ganske enkelt for å more seg. Symjekunne gjer at ein lettare kan berga seg om ein fell i vatnet. I mange land, mellom anna heile Norden, er det derfor vanleg å undervise i symjing på skulen.
Trening i vatn, som har ein massetettleik som liknar den til menneskekroppen, gjer at ein får lita belastning på ledd og knoklar. Symjing kan dermed vere ein god måte å trene på etter skade eller for mange typar funksjonshemmingar.
Hjelpemiddel
[endre | endre wikiteksten]For å symje treng ein eit stykke vatn, som ei elv, eit lite vatn, ein innsjø eller havet. Ein kan også lage til symjebasseng for å få eit trygt, regulert symjeområde.
Ein kan godt symje naken, men i moderne tid er det blitt vanleg å bruke badeklede. Desse er hovudsakleg meint å skjule delar av kroppen, men kan også brukast til varmeisolasjon, som ein våtdrakt. Moderne symjedrakter kan også hjelpe symjarar ved å minske friksjon og gjere kroppen deira meir straumlinjeforma.
For å flyte betre kan ein bruke hjelpemiddel som badevenger, symjebelte og symjebrett.
Symjing som idrett
[endre | endre wikiteksten]Konkurransesymjing er ein idrett der utøvarar konkurrerer om å vere den raskaste over ein gitt distanse. Det er fleire ulike teknikkar som kan nyttast til å forflytte seg i vatnet, og konkurransesymjing er regulert gjennom eit internasjonalt regelverk som bestemmer korleis dette skal gå føre seg.
Banefordeling og basseng
[endre | endre wikiteksten]Talet deltakarar per heat varierer med kor mange banar bassenget har. Det mest vanlige er at seks til åtte deltakarar sym i kvart heat med eit minstekrav på tre dersom det er få som sym distansen og det er råd å oppnå. På sida der starten går er det startpallar som vert brukt for å få betre fart ved start med stup. Det er berre ryggsymjing som startar i vatnet og ikkje på startpallen. Dei fleste internasjonale basseng tar tida automatisk ved bruk av plater ein slår inn i når ein er ferdig med distansen. Stemne kan haldast i både 25 meters og 50 meters basseng. Distansar som 100 m medley vert berre sumde i 25 meters basseng.
Distansar og symjestiler
[endre | endre wikiteksten]Konkurransesymjing har hovudsakleg fire symjestilar. Dei er butterfly, ryggsymjing, brystsymjing og frisymjing (krål). Det er ein femte symjestil som består av alle dei fire symjestilane, kalla individuell medley. Det er fleire forskjellige distansar som kan symjast i konkurransar. Dei mest vanlege distansane er 50 m, 100 m og 200 m, men også 400 m, 800 m og 1500 m vert sumde i enkelte symjestilar. Nedanfor kan du sjå alle disiplinane kvar symjestil har:
- Butterfly - 50 m, 100 m, 200 m
- Ryggsymjing - 50 m, 100 m, 200 m
- Brystsymjing - 50 m, 100 m, 200 m
- Fristil (krål) - 50 m, 100 m, 200 m, 400 m, 800 m, 1500 m
- Individuell medley - 100 m, 200 m, 400 m
- Lag stafett - 4x50 m medley/fristil, 4x100 m medley/fristil, 4x200 m fristil
Fristil har ikkje ein fast symjestil ein må bruka for å fullføre distansane, men det er ein disiplin som ein sjølv kan velje kva symjestil ein vil symje. Krålsymjing har berre som krav til å bli sumd innom individuell medley og medley lag stafett, men blir som oftast brukt til fristil distansar på grunn av at det er den raskaste symjestilen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Swimming» frå Wikipedia på engelsk, den 17. august 2008.
- «Svømmedrakt med supergli» Arkivert 2008-04-08 ved Wayback Machine. på forskning.no
- «Regler for svømming» Arkivert 2012-05-09 ved Wayback Machine. på svomming.no