Willy
Utsjånad
Willy og Willi er kortformer av namn som byrjar på Wil- eller Willi- som kan brukast som mannsnamn og kvinnenamn. Det er særleg kjend som ei engelsk kortform av mannsnamnet William, som opphavleg er danna av namnedelane wil, 'vilje, ønske' og helm, 'hjelm', men kan også vera nederlandske eller tyske kortformer for andre namn, som Willem eller Willibrand.
Willy har namnedag i Noreg den 28. mai.
I Tyskland var Willi og Willy utbreidde namn for gutar fødde først på 1900-talet. Det kan òg skrivast Villy og Willie. Will, Bill og Billy er andre engelske kortformer av William.
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Willy Brandt (1913–1992), tysk politikar
- Willi Hennig (1913–1976), tysk biolog
- Willi Graf (1918–1943), tysk opposisjonell
- Willie Nelson (f. 1933), USA-amerikansk countrymusikar
- Willi Storn (f. 1936), norsk-austerriksk kunstnar
- Willy Pedersen (f. 1952), norsk forskar og professor
- Willy Ørnebakk (f. 1960), norsk sametingspolitikar
- Per Willy Aaserud (f. 1969), norsk trompetist
- Per-Willy Amundsen (f. 1971), norsk politikar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Willy» frå Wikipedia på bokmål, den 27. mai 2009.