Tusseflaggermus
Tusseflaggermus | |
Tusseflaggermus | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av tusseflaggermus | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Flaggermus Chiroptera |
Familie: | Glattnasefamilien Vespertilionidae |
Slekt: | Pipistrellus |
Underslekt: | Pipistrellus |
Art: | Tusseflaggermus P. pipistrellus |
Vitskapleg namn | |
Pipistrellus pipistrellus |
Tusseflaggermus (Pipistrellus pipistrellus) er ei flaggermus i glattnasefamilien. Fram til 1998 vart denne arten og dvergflaggermus rekna som éin art.[1] Flaggermusa lever i mesteparten av Europa nord til Sør-Skandinavia, dessutan i Sentral-Asia, Kina og andre førekomstar i Asia. I mange av desse områda er ho ein av dei vanlegaste flaggermusartane. Arten lever gjerne i bygningar i tettbygde strøk.[2] Tusseflaggermusa vart ikkje observert i Noreg før i eit lydopptak i 2007, i Stavanger,[3] men ho kan fort forvekslast med dvergflaggermus eller trollflaggermus. Det har oppstått tvil i kva grad tusseflaggermus (Pipistrellus pipistrellus) faktisk finst i Noreg. Funnet frå Stavanger kan i lys av nyare forsking ikkje bli sett på som sikkert. Verken reproduksjon eller gjentakande besøk har vorte dokumenterte. Arten må dermed kategoriserast som NA (arten er ikkje etablert med fast reproduserande bestand hos oss, og < 2 % av global populasjonsstorleik oppheld seg regelmessig i Noreg (gjest)).[1]
Fotnotar
- ↑ 1,0 1,1 Eldegard K, Syvertsen PO, Bjørge A, Kovacs K, Støen O-G og van der Kooij J (24. november 2021). «Pattedyr: Vurdering av tusseflaggermus Pipistrellus pipistrellus for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 10. mars 2022.
- ↑ The IUCN Red List of Threatened Species på engelsk
- ↑ «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 10. mars 2022. Henta 10. mars 2022.
Kjelder
- The IUCN Red List of Threatened Species på engelsk