Det greske flagget
Utsjånad
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/5c/Flag_of_Greece.svg/220px-Flag_of_Greece.svg.png)
Det greske flagget har 5 blå og 4 kvite vassrette striper i vekslande rekkjefylgd, med ein kvit kross på blå botn øvst inne ved stonga. Flagget vart teke i bruk ved sjølvstendet i 1822 og har opp gjennom tidene hatt ulike blåtonar. Flagget er brukt i same form som nasjonalflagg, handelsflagg, statsflagg og orlogsflagg.
I eldre tid brukte privatpersonar også eit enklare flagg med kvit kross på blå botn. Dette flagget vart offisielt avskaffa i 1970, men teke i bruk att som statsflagg 1975–78.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«Hellas – flagg og våpen» i Store norske leksikon, snl.no.