Det polske flagget
Det polske flagget blei teke i bruk som nasjonalflagg for Polen den 1. august 1919. Det består av to like store horisontale felt, eit kvitt øvst og eit raudt nedst. Raudt og kvitt har vore nytta som polske fargar sidan 1200-talet, og blei offisielt rekna som nasjonalfargar i 1831. Det novarande flagget blei innført i samband med at Polen fekk sjølvstende i 1918, men hadde vore nytta i opprør allereie på 1830-talet.
Under den kommunistiske perioden mellan 1945 og 1989 nytta ein det same flagget som i dag, men då med den offisielle tolkinga av den raude fargen som eit symbol på sosialismen. Ei ny demokratisk regjering bekrefta flagget som nasjonalsymbol i 1992.
Polen har også eit anna flagg som blir nytta som stats- og handelsflagg. Dette flagget likner det vanlege polskeflagget, men har i tillegg det polske riksvåpenet i det kvite feltet. Orlogsflagget liknar statsflagget, men er i tillegg totunga.
Design
[endre | endre wikiteksten]Fargar
[endre | endre wikiteksten]Farge | x | y | Y | ΔE | |
---|---|---|---|---|---|
Kvit | 0.315 | 0.320 | 82.0 | 4.0 | |
Raud | 0.570 | 0.305 | 16.0 | 8.0 | |
Illuminant C, målegeometri d/0 |
Maritime flagg
[endre | endre wikiteksten]-
Orlogsflagg
-
Hjelpefartøy i flåten
-
Flagg for marineflybasar
-
Flagget til grensevakta
-
Statsflagg til sjøs og handelsflagg
-
Flagg brukt av fartøya til tollvesenet (saman med statsflagget)
-
Innanriks sjøfart
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Polens flagga» frå Wikipedia på svensk, den 21. juli 2019.
- Allt om världens flaggor, Bonnier Impact, Stockholm 2007, s. 119. ISBN 91-85605-09-3.