Det tyske flagget
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/b/ba/Flag_of_Germany.svg/220px-Flag_of_Germany.svg.png)
Det tyske flagget som blir nytta i dag skriv seg frå fridomskrigen mot Frankrike under Napoleon. Det blei flagget til den tyske konføderasjonen i 1848. Fargane er frå riksvåpenet til det tysk-romerske riket. Flagget blei nytta av den liberale og radikale rørsla på 1800-talet og blei difor ikkje godteke av det konservative Preussen.
Etter at keisaren måtte gå av blei flagget innført att som nasjonalflagg i 1919, og det var Weimarrepublikken sitt flagg.
Keisarflagget (svart-kvitt-raudt) var likevel populært i visse kretsar, og striden om flaggbruken var svært bitter i Tyskland på heile 1920-talet, blant anna blei det ofte brukt av dei reaksjonære og militaristiske Frikorpsa. Konservative krefter fekk igjennom at dette flagget skulle kunne brukast ved sida av det andre i den tyske utanrikstenesta.
Weimarrepublikken sitt flagg blei teke i bruk att då Tyskland fekk att fridomen sin i 1949, men uendra berre i Vest-Tyskland. I Aust-Tyskland sette dei eit merke med hammar og passar i midten. Då Tyskland atter blei samla i 1990 blei flagget nasjonalflagg for heile landet att.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]