Universelle retningslinjer for oppførsel frå Wikimedia Foundation
This policy is approved by the Wikimedia Foundation Board of Trustees. It may not be circumvented, eroded, or ignored by Wikimedia Foundation officers or staff nor local policies of any Wikimedia project. |
Kvifor me har universelle retningslinjer for åtferd
Me trur på å gi så mange menneske som mogleg makt til å delta aktivt i Wikimedia-prosjekt og -arenaer for å oppnå visjonen vår om ei verd der alle kan ta del i summen av all menneskeleg kunnskap. Me meiner at samfunnet vårt av bidragsytarar bør vera så variert, inkluderande og tilgjengeleg som mogleg. Me ønsker at desse fellesskapa skal vera positive, trygge og sunne miljø for alle som er med (og vil bli med) i dei. Me pliktar oss til å sikre at det held seg slik, blant anna ved å ta i bruk desse retningslinjene for oppførsel og gå gjennom dei att om det er nødvendig. Me vil òg verna prosjekta våre mot dei som skadar eller forvrengjer innhaldet.
I tråd med visjonen til Wikimedia vil alle som deltar i Wikimedia-prosjekt og -arenaer:
- Hjelpa til å skapa ei verd der alle fritt kan dela summen av all kunnskap
- Vera ein del av eit globalt samfunn som vil unngå fordomar og å gjera mismon, og
- Streva etter presisjon og verifiserbarheit i alt arbeidet sitt
Desse universelle retningslinjene for åtferd (UCoC) definerer eit minimum av reglar over forventa og uakseptabel åtferd. Dei gjeld for alle som samhandlar eller bidrar til Wikimedia-prosjekt og -rom på og utanfor nettet. Dette inkluderer både nye og erfarne bidragsytarar, funksjonærar innan prosjekta, arrangørar og arrangementsdeltakarar, tilsette og styremedlemmer i samarbeidsorganisasjonar og tilsette og styremedlemmer i Wikimedia Foundation. Dei gjeld for alle Wikimedia-prosjekt, tekniske område, arrangement på nett og i person, og dessutan dei følgjande tilhøva:
- Private, offentlege og halvoffentlege samhandlinger
- Diskusjonar kring usemje og uttrykk for solidaritet mellom medlemmer i fellesskapet
- Spørsmål kring teknisk utvikling
- Aspekt kring innhaldsbidrag
- Saker kring representasjonen av samarbeidspartnarars/felleskapa til eksterne partnarar
1 – Innleiing
Dei universelle retningslinjene for åtferd gjev dei viktigaste prinsippa for samarbeid på Wikimedia-prosjekt internasjonalt. Fellesskap kan bidra til desse for å utvikla reglar som tar omsyn til lokal og kulturell kontekst, samtidig som ein held på kriteria som er skrivne her som minstestandard.
Dei universelle retningslinjene for åtferd gjeld likt for alle wikimedianarar, utan unntak. Handlingar som går imot dei universelle retningslinjene for åtferd kan resultera i sanksjonar. Desse kan påleggast av utpeika funksjonærar (etter behov i lokal kontekst) og/eller av Wikimedia Foundation som den juridiske eigaren av plattformene.
2 – Forventa åtferd
Kvar wikimedianar, anten dei er nye eller erfarne bidragsytarar, ein funksjonær for fellesskapet, ein samarbeidspartnar eller Wikimedia Foundation-styremedlem eller -tilsett, er ansvarleg for eigen vandel.
På alle Wikimedia-prosjekt, -rom og -arrangement skal åtferd vera grunna i respekt, høflegheit, kollegialitet, solidaritet og godt borgarskap. Dette gjeld for alle bidragsytarar og deltakarar i deira samhandlingar med andre bidragsytarar og deltakarar, utan forventningar basert på alder, nedsette psykiske eller fysiske funksjonsevner, fysisk utsjånad, nasjonal, religiøs, etnisk eller kulturell bakgrunn, kaste, sosial klasse, språkevner, seksuell legning, kjønnsidentitet, kjønn eller yrkesområde. Me kjem heller ikkje til å gjera unntak basert på merittar, evner eller prestasjonar innanfor Wikimedia-prosjekt eller -rørsla.
2.1 – Gjensidig respekt
Me venter at alle wikimedianarar syner respekt for andre. I kommunikasjon med folk, om det så er i Wikimedia-miljø på nett eller i person, skal ein omgå kvarandre med gjensidig respekt.
Dette inkluderer, men er ikkje avgrensa til:
- Vis empati. Lytt og prøv å forstå kva wikimedianare med ulik bakgrunn vil fortelja deg. Vêr førebudd på å utfordra og omforme di eiga forståing, åtferd og forventningane dine som ein wikimedianar.
- Ta ting i beste meining og engasjer deg i konstruktive redigeringar; bidraga dine bør forbetra prosjektet eller kvaliteten på arbeidet. Gje og ta imot tilbakemeldingar i beste hensikt. Med mindre det er grunn til å tru noko anna, bør alle wikimedianare gå ut frå, at andre er her for å samarbeida for å forbetra prosjekta. Men dette skal ikkje brukast for å rettferdiggjera skadelege bidrag.
- Respekter måten bidragsytarar namngjev og omtalar seg sjølv. Det kan hende personar nyttar spesifikke omgrep for å beskriva seg sjølv. Som eit teikn på respekt, bruk desse omgrepa når ein kommuniserer med eller om desse personane, der det språkmessig og teknisk sett er mogleg. Til dømes:
- Etniske grupper kan bruka eit bestemt namn for å beskriva seg sjølv, i staden for eit historisk namn brukt av andre;
- Folk kan ha namn som bruker bokstavar, lydar eller ord frå språket deira som kan vera ukjente for deg;
- Folk som identifiserer seg med ei spesifikk seksuell orientering eller kjønnsidentitet kan bruka bestemde namn eller pronomen;
- Personar som har ein særskilt, nedsett fysisk eller psykisk funksjonevne kan bruka spesifikke omgrep for å beskriva seg sjølv;
- Ved personlege møte kjem me til å vera imøtekommande for alle andre og me kjem til å vera omtenksame og respektfulle ovanfor dei andre sine preferansar, grenser, kjensler, tradisjonar og behov.
2.2 – Høflegheit, kollegialitet, gjensidig støtte og god samfunnsånd
Me legg vinn på følgjande åtferd:
- Høflegheit er omsynsfull åtferd og samtale mellom menneske, inkludert framande.
- Kollegialitet er den vennlege støtta som folk gjev kvarandre i eit felles engasjement.
- Gjensidig støtte og god samfunnsånd inneber å ta aktivt ansvar for å sikra at Wikimedia-prosjekta er produktive, imøtekomande og trygge arenaer, og bidreg til Wikimedia sitt samfunnsoppdrag.
Dette inkluderer, men er ikkje avgrensa til:
- Fadderskap og rettleiing: Å hjelpe nybegynnarar til å finna seg til rette og å tileigna seg turvande ferdigheiter.
- Ta hand om andre bidragsytarar: Hjelp andre bidragsytarar når dei treng støtte, og vis støtte når dei blir møtt på ein måte som ikkje når opp til den forventa åtferda etter dei universelle retningslinjene for åtferd.
- Verdset og krediter arbeidet til andre bidragsytarar: Takk dei for hjelpa og arbeidet deira. Verdset innsatsen deira og gje dei ros når det passar.
3 – Ikkje-akseptabel åtferd
Desse universelle retningslinjer for åtferd har som føremål å hjelpa bidragsytarane med å peika på upassande åtferd. Følgjande måtar å te seg på er uakseptable i Wikimedia-rørsla:
3.1 – Trakassering
Dette inkluderer all åtferd som har som mål å skremma, ergra eller støyta ein person, eller åtferd som sannsynlegvis hovudsakleg fører til dette. Åtferd kan sjåast på som trakassering eller sjikane om det går utover kva ein fornuftig person ville forventa å tolerera i eit globalt og fleirkulturelt miljø. Trakassering tar ofte form av kjenslemessig misbruk, spesielt mot folk som er i ein utsett posisjon, og kan inkludera kontakt av arbeidsplassar eller venner og familiemedlemmer i eit forsøk på å skremma eller gjera vedkommande flau. I nokre tilfelle finn ei åtferd som ikkje kan sjåast på som trakassering etter éin omgang, men som kan bli trakassering om dei takast opp att. Trakassering inkluderer, men er ikkje avgrensa til:
- Fornærmingar: Dette inkluderer bruk av negativt ladde kallenamn, skjellsord, stereotypar og eitkvart åtak med grunnlag i personlege eigenskapar som intelligens, utsjånad, etnisitet, rase, religion eller mangel på religion, kultur, kaste, seksuell legning, kjønnsidentitet, kjønn, funksjonsevner, alder, nasjonalitet, politisk tilhøyrsle eller andre eigenskapar. I nokre tilfelle kan gjentatte utsegner med hån, sarkasme eller aggresjon i ein heilskap bli sette på som ei fornærming, sjølv om dei individuelle utsegnene ikkje nødvendigvis er det.
- Seksuell trakassering: Seksuell merksemd eller framstøyt der vedkommande veit eller ut frå vurdering burde skjønna at merksemda ikkje er velkommen eller i situasjonar der samtykka ikkje kan kommuniserast.
- Trugsmål: Direkte eller underforstått ymting om moglegheit for fysisk vald, urettferdig fornedring, urettferdig og grunnlaus ærekrenking eller trugsmål om uturvande juridiske handlingar for å vinna ein diskusjon eller tvinga nokon til å oppføra seg slik ein ønsker.
- Oppmoding til å skade andre: Dette inkluderer oppmodingar til sjølvskade eller sjølvmord, og dessutan oppmodingar til å gjennomføra valdelege åtak mot ein tredjepart.
- Avsløring av personleg informasjon på nettet: deling av den private informasjonen til andre bidragsytarar, som namn, arbeidsstad, fysisk adresse eller e-postadresse utan det tydelege samtykket frå vedkomande, eller deling av informasjon om Wikimedia-aktiviteten deira utanfor prosjekta.
- Jakting (hounding): forfølging av ein person på tvers av prosjektet, eller fleire prosjekt, med gjentatt kritikk av arbeidet til vedkommande med intensjon om å opprøra eller skremma. Om problemet held fram etter freistnader på å gje informasjon gjennom dialog, kan det vere at fellesskapa må ta saka gjennom etablerte ordningar.
- Trolling: Bevisst forstyrring av samtalar eller oppretting av innlegg i vond meining for å provosera med vilje.
3.2 – Misbruk av makt, privilegium eller innverknad
Misbruk hender når nokon i ein reell eller oppfatta makt-, privilegiums- eller innverknadsposisjon deltar med ein respektlaus, grusam og/eller valdeleg åtferd mot andre folk. I Wikimedia-miljø kan dette ta form som verbal eller psykologisk misbruk og kan overlappa med trakassering.
- Misbruk av stilling til funksjonærar, offisielt tilsette og tilsette: Bruk av autoritet, kunnskap eller ressursar som særskilte funksjonærar, tilsette og personell ved Wikimedia Foundation eller organisasjonsledd tilknytt Wikimedia, har tilgang til, for å skremma eller truga andre.
- Misbruk av ansiennitet og kontaktar: Om å utnytte posisjonen sin og ryktet sitt til å skremme andre; me forventar at personar med monaleg erfaring og har kontaktar i rørsla oppfører seg særleg varsamt fordi fiendtlege kommentarar frå dei kan ha ein utilsikta verknad. Personar med autoritet i rørsla har eit spesielt privilegium til å bli sett på som pålitelege og bør ikkje misbruke dette til å åtake andre som er usamde med dei.
- Psykologisk manipulasjon: Vondlynt framferd som får andre til å tvile på eigne oppfatningar, sansingar eller forståingar med det føremålet å vinna ein diskusjon eller tvinga nokon til å oppføre seg som du vil.
3.3 – Skadeverk på innhald og misbruk av prosjekta
Medviten innføring av partisk, falskt, unøyaktig eller upassande innhald, eller hindring, hemming eller på annan måte forstyrring av skipinga og/eller vedlikehaldet av innhald. Dette inkluderer, men er ikkje avgrensa til:
- Gjentatt, vilkårleg eller grunnlaus innhaldsfjerning utan diskusjon eller forklaring.
- Systematisk manipulasjon av innhald for å fremma spesifikke tolkingar av fakta eller synspunkt, inkludert uærleg eller bevisst feilaktig attgjeving av kjelder og dessutan endring av den korrekte samansetninga av innhald.
- Hatprat i alle former, eller diskriminerande formuleringar tatt i bruk for å krenkja, audmjuka, oppvigla til hat mot individ eller grupper med grunnlag i kven dei er eller dei personlege overtydingane deira.
- Bruken av symbol, bilete, kategoriar, merkelappar eller anna form for innhald som er skremmande eller skadeleg for andre, utanfor samanhengen av oppslagsmessig, informativ bruk. Dette inkluderer å påleggja ordningar på innhald meint å marginalisera eller stengja nokon ute.